Semestre
GL1-7RLE1 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1 (1-7)
Ingen
RLE1 gir historisk og aktuell kunnskap om religionar, livssyn, filosofi og etikk. RLE 1 er delt i fire fagområde der fagdidaktikk er ein eigen del. Fagdidaktiske perspektiv er likevel integrert i
alle emna, og slik gir RLE1 kunnskapar og ferdigheiter tydeleg retta mot RLE-undervisning på 1.-7.årssteg.
RLE 1 gir òg studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer.
Delar
Del 1 Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøsitet og ikkje-religiøse livssyn
Del 1 gir kunnskap om tekstar, truslære og historisk utvikling til jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøse- og ikkje-religiøse livssyn.
Del 2 Kristendom
Del 2 gir kunnskap om kristendomshistorie, kristen truslære og om Bibelen og forteljingar frå kristen tradisjon.
Del 3 Filosofi og etikk
Del 3 gir kunnskap om filosofisk og religiøs etikk, ulike etiske teoriar, menneskesyn og filosofisk samtale.
Del 4 Fagdidaktikk
Del 4 gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn og om RLE-fagets eigenart og historie. Del 4 gir òg kunnskap om og ferdigheiter i eit variert
spekter av metodar i faget med tanke på undervisning på 1.-7. årssteg.
-
Studenten
- har kunnskap om religionar og livssyn, mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfattingar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
- har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
- har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk, og om filosofering med barn
- har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia
- har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
- har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse i høve til undervisninga i RLE
- har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald
- har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål
- har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar i faget i høve til dei aktuelle trinna
- har kunnskap om barns gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar
- har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn
- har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere RLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane
- kan bruke sentrale arbeidsmåtar i RLE med vekt på arbeidet med høgtider, forteljingar og estetiske uttrykk
- kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
- kan samtale med barn om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar
- kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget
- kan gjennomføre tilpassa opplæring i RLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
- kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i RLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar med tilsvarande vurderingsformer
- kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga
- kan reflektere kritisk over innhaldet og verdimålsettingane for faget i skolen og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
- kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga
Studenten:
- har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
- kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
- har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn
Undervisninga er obligatorisk og består av forelesingar og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga vil vere lokal klasseromsundervisning og kan bli digitalt overført.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må
studenten
- ha fått godkjent to kunnskapsprøver innan fastsett frist
- ha fått godkjent fire innleveringar innan fastsett frist
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Om lag 4000 ord | |||
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Munnleg eksamen an gjelde heile pensum |