Semestre
GL1-7RLE2 Kristendom, religion, livssyn og etikk 2 (1-7)
Religion, livssyn og etikk 1 (GL1-7RLE1)
Religion, livssyn og etikk 2 (RLE 2) er ei vidareføring av Religion, livssyn og etikk 1 (RLE1).
Profesjonskunnskap og didaktikk for 1.-7-årssteg står sentralt i emnet, og ein vil også arbeide vidare med korleis religions- og livssynsmangfaldet syner seg
i samfunnet, i historia, i etiske utfordringar, i ulike tekstar og lesemåtar.
Del 1 Heilage tekstar
Del 1 gir kunnskap om heilage tekstar og viktige forteljingar i religionane, med vekt på kristendom, islam og buddhisme.
Tekstane vil sjåast i lys av sjanger, verknadshistorie og ulike lesemåtar.
Del 2 Mangfald
Del 2 gir kunnskap om religions- og livssynsmessig mangfald i samfunnet. Det vil bli lagt vekt på variasjonar i livstolking innan ulike religionar og sekulære livssyn. FN sine internasjonale konvensjonar om
menneskerettar og ILO-konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar er sentrale dokument i undervisninga.
Del 3 Områdeetikk
Del 3 gir kunnskap om ulike verdiperspektiv i møte med eit utval aktuelle etiske utfordringar.
Del 4 RLE i praksis
Del 4 drøftar, gir innsikt og ferdigheiter i planlegging og gjennomføring av RLE-undervisning knytt til 1.-7. årssteg.
Det vert lagt vekt på metodekunnskap og mellom anna på korleis film kan brukast i undervisninga.
Del 5 Religions- og kristendomshistorie
Del 5 gir kunnskap om historia til kristendomen og andre religionar i Noreg frå reformasjonen fram til vår tid.
-
Studenten
- har kunnskap om viktige trus - og livstolkingar i religionane i historisk og aktuelt perspektiv, med vekt på europeiske og meir globale forhold
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på nyare tid og særleg på kristendommens historie frå reformasjonen og framover
- har kunnskap om heilage tekstar med viktige forteljingar i religionane, deira litterære uttrykk og sjangrar, verknadshistorie, hermeneutikk og
historisk-vitskaplege perspektiv på tekstane - har kunnskap om samisk religionshistorie
- har kunnskap om sekulære livstolkingar med vekt på ideologiar
- har kunnskap om religiøse, humanistiske og naturalistiske verdiperspektiv i møte med aktuelle utfordringar som spørsmål om liv og død,
kjønn og likestilling, seksualitet, økonomi, miljø og ressursbruk - har kunnskap om FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettane og ILO -konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, samt aktuell
diskusjon om menneskerettsomgrepet - har kunnskap om grunnskolefaget si historie med særleg vekt på tida etter 1997 og ulike løysingar på religions- og filosofiundervisninga i andre land
- har kunnskap om eit breitt utval av mogelege arbeidsmåtar i faget og tilsvarande vurderingsformer
Studenten
- kan bruke eit breitt utval av varierte og elevaktive arbeidsmåtar i høve til undervisninga i dei første skoleåra
- kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i faget, òg i eiga undervisning
- kan lage lokale læreplanar i RLE, inkludert løysingar for utfordringane i fådelte skolar og andre lokale tilpassingar i skolen
- kan gjenkjenne gode handlingsvariantar i høve til ulike typar dialogsituasjonar med eleven og heimen på bakgrunn av religiøse og
livssynsmessige spørsmål - kan integrere dei grunnleggande dugleikane i RLE-undervisninga: kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, lese ulike typar tekstar og rekne
- kan tolke korleis tekstar, kunst og arkitektur uttrykkjer meining i RLE-emna, gjennom sjangrar, symbol, metaforar og andre verkemiddel
- kunne bruke digitale verktøy med særleg blikk for kjeldekritikk i høve til søk etter informasjon og etiske spørsmål om nettetikette og personvern
- kan bruke prinsippa for erfaringsbasert forsking i eiga verksemd som RLE-lærar
Studenten
- kan drøfte verdigrunnlaget for skolen og sjå skoleverksemda i lys av dette kan handtere spørsmålet om høgtidsmarkeringar og religiøse eller livssynmessige praksisar i skolen
- kan sjå den lokale kulturen og lokalsamfunnet i samanheng med fagundervisninga i skolen
Undervisninga er obligatorisk og består av forelesingar og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga vil vere lokalklasseromsundervisning som kan bli digitalt overført.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten
- ha fått godkjent to kunnskapsprøver
- ha fått godkjent tre arbeid, to av dei skal vere didaktisk vinkla
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | |||
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Om lag 2500 ord | |||
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Munnleg prøve som kan gjelde heile pensum |