Semesters

GL1-7RLE2 Kristendom, religion, livssyn og etikk 2 (1-7)

Course code: 
GL1-7RLE2
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Spring
Assessment semester: 
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Religion, livssyn og etikk 1 (GL1-7RLE1)

Course content

Religion, livssyn og etikk 2 (RLE 2) er ei vidareføring av Religion, livssyn og etikk 1 (RLE1).
Profesjonskunnskap og didaktikk for 1.-7-årssteg står sentralt i emnet, og ein vil også arbeide vidare med korleis religions- og livssynsmangfaldet syner seg
i samfunnet, i historia, i etiske utfordringar, i ulike tekstar og lesemåtar.

Del 1 Heilage tekstar

Del 1 gir kunnskap om heilage tekstar og viktige forteljingar i religionane, med vekt på kristendom, islam og buddhisme. 
Tekstane vil sjåast i lys av sjanger, verknadshistorie og ulike lesemåtar.

Del 2 Mangfald

Del 2 gir kunnskap om religions- og livssynsmessig mangfald i samfunnet. Det vil bli lagt vekt på variasjonar i livstolking innan ulike religionar og sekulære livssyn. FN sine internasjonale konvensjonar om
menneskerettar og ILO-konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar er sentrale dokument i undervisninga.

Del 3 Områdeetikk

Del 3 gir kunnskap om ulike verdiperspektiv i møte med eit utval aktuelle etiske utfordringar.

Del 4 RLE i praksis

Del 4 drøftar, gir innsikt og ferdigheiter i planlegging og gjennomføring av RLE-undervisning knytt til 1.-7. årssteg.
Det vert lagt vekt på metodekunnskap og mellom anna på korleis film kan brukast i undervisninga.

Del 5 Religions- og kristendomshistorie

Del 5 gir kunnskap om historia til kristendomen og andre religionar i Noreg  frå reformasjonen fram til vår tid.

Learning outcome

-

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om viktige trus - og livstolkingar i religionane i historisk og aktuelt perspektiv, med vekt på europeiske og meir globale forhold
  • har kunnskap om religionshistorie med vekt på nyare tid og særleg på kristendommens historie frå reformasjonen og framover
  • har kunnskap om heilage tekstar med viktige forteljingar i religionane, deira litterære uttrykk og sjangrar, verknadshistorie, hermeneutikk og
    historisk-vitskaplege perspektiv på tekstane
  • har kunnskap om samisk religionshistorie
  • har kunnskap om sekulære livstolkingar med vekt på ideologiar
  • har kunnskap om religiøse, humanistiske og naturalistiske verdiperspektiv i møte med aktuelle utfordringar som spørsmål om liv og død,
    kjønn og likestilling, seksualitet, økonomi, miljø og ressursbruk
  • har kunnskap om FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettane og ILO -konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, samt aktuell
    diskusjon om menneskerettsomgrepet
  • har kunnskap om grunnskolefaget si historie med særleg vekt på tida etter 1997 og ulike løysingar på religions- og filosofiundervisninga i andre land
  • har kunnskap om eit breitt utval av mogelege arbeidsmåtar i faget og tilsvarande vurderingsformer
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke eit breitt utval av varierte og elevaktive arbeidsmåtar i høve til undervisninga i dei første skoleåra
  • kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i faget, òg i eiga undervisning
  • kan lage lokale læreplanar i RLE, inkludert løysingar for utfordringane i fådelte skolar og andre lokale tilpassingar i skolen
  • kan gjenkjenne gode handlingsvariantar i høve til ulike typar dialogsituasjonar med eleven og heimen på bakgrunn av religiøse og
    livssynsmessige spørsmål
  • kan integrere dei grunnleggande dugleikane i RLE-undervisninga: kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, lese ulike typar tekstar og rekne
  • kan tolke korleis tekstar, kunst og arkitektur uttrykkjer meining i RLE-emna, gjennom sjangrar, symbol, metaforar og andre verkemiddel
  • kunne bruke digitale verktøy med særleg blikk for kjeldekritikk i høve til søk etter informasjon og etiske spørsmål om nettetikette og personvern
  • kan bruke prinsippa for erfaringsbasert forsking i eiga verksemd som RLE-lærar
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan drøfte verdigrunnlaget for skolen og sjå skoleverksemda i lys av dette kan handtere spørsmålet om høgtidsmarkeringar og religiøse eller livssynmessige praksisar i skolen
  • kan sjå den lokale kulturen og lokalsamfunnet i samanheng med fagundervisninga i skolen
Working and learning activities

Undervisninga er obligatorisk og består av forelesingar og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga vil vere lokalklasseromsundervisning som kan bli digitalt overført.

Assessment requirements

For å kunne gå opp til eksamen må studenten

- ha fått godkjent to kunnskapsprøver

- ha fått godkjent tre arbeid, to av dei skal vere didaktisk vinkla

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
Om lag 2500 ord
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
Munnleg prøve som kan gjelde heile pensum