Semestre
- 2026 Vår
- 2025 Haust
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
HI100N Historisk innføringsemne
Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Enten HI111N og HI112N eller HI112N og HI113N eller HI111N og HI113N.
Emnet skal gje studentane innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag. Det inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom historiefaget og samfunnet.
Emnet er delt i to delar, ein teoridel på om lag 5 studiepoeng og ein oppgåvedel på om lag 10 studiepoeng. Formålet med oppgåvedelen av emnet er å gje studenten høve til å fordjupe seg i eitt tema (område) i norsk og / eller internasjonal historie, ved å skrive ei større fagleg oppgåve (kalla temaoppgåve) der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt. Gjennom skriveprosessen skal studenten øve opp kritisk haldning til kjelder og litteratur, evne til å utvikle ei problemstilling, evne til gjere greie for hovuddelane av det valde emnet for temaoppgåva og drøfte argument for og mot ein påstand knytt til det.
Instituttet gjev kvart år rettleiing i minst eitt temaområde frå norsk og/eller internasjonal historie. Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling for oppgåva som skal skrivast innanfor dette temaområdet. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiar. I tillegg til ca. 200 sider pensum som er felles for alle studentane som skriv oppgåve innanfor same temaområde, skal studenten i samråd med rettleiar finne fram til 300 sider relevant støttelitteratur for det temaet og den problemstillinga ho/han har valt for temaoppgåva.
Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring i historiefaget si utvikling som humanistisk og samfunnsvitskapleg fag frå antikken og fram til i dag. Det blir lagt opp eit felles pensum, sjå pensumliste.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie
- har kunnskapar om historisk metode og teori
- har kunnskap om hovudtrekk i utviklinga til historiefaget og humaniora sidan antikken
- har grunnleggande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor historiefaget og humaniora
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
- kan analysere sakskompleks knytt til eit avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie ved bruk av relevant historisk metode
- kan plassere eit historisk tema frå norsk og/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar
- kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. gjennom digitale medium
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- kan sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei større historisk utvikling
Studenten:
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan vurdere historiske kjelder på ein kritisk måte
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Emnet er organisert slik at studentane både får undervisning i dei aktuelle temaområda knytta til oppgåvedelen, og undervisning i teoridelen av emnet. Undervisning skjer i det digtale læringssystemet som Høgskulen i Volda brukar.
All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i det digitale læringssystemet Høgskulen i Volda brukar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert lagt ut rettleiingar på nettet.
Studentane skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
Oppgåvedelen (tilsvarar om lag 10 stp)
- Levere eit utkast til temautgreiing og problemstilling til godkjenning av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Levere eit utkast til temaoppgåve med kjelde- og litteraturliste til godkjenning av faglærar. Utkastet skal ha eit omfang på 2500-3000 ord utanom framside, samt innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Levere eit tilnærma ferdig utkast til temaoppgåve til godkjenning av faglærar. Utkastet skal ha eit omfang på 3000-5000 ord utanom framside, samt innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
Teroridelen (tilsvarar om lag 5 stp.)
- Presentere eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet.
Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ein ny sjanse innan ein kort frist.
Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige arbeid.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Historie - bachelor (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappa skal innehalde den ferdige oppgåva og presentasjonen av tema frå teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen. | Alle | Oppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord. | |
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for oppgåva, dei 500 sidene i pensum som er lagt opp i tilknyting til oppgåvedelen i emnet, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet. |