Semestre
- 2026 Vår
- 2025 Haust
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
HI100N Historisk innføringsemne
Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Enten HI111N og HI112N eller HI112N og HI113N eller HI111N og HI113N.
Emnet skal gje studentane innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag. Det inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet historiefaget og samfunnet.
Emnet er delt i to deler, ein teoridel på om lag 5 studiepoeng og ein oppgåvedel på om lag 10 studiepoeng. Formålet med oppgåvedelen av emnet er å gje studentene høve til å fordjupe seg i eitt tema (område) i norsk og / eller internasjonal historie, ved å skrive ei større fagleg oppgåve (kalla fordjupningsoppgåve) der bruken av kjjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt. Gjennom skriveprosessen skal studentene øve opp kritisk haldning til kjelder og litteratur, evne til å utvikle ei problemstilling, evne til å gjere greie for hovuddelane av det valde emnet for fordjupingsoppgåva og diskutere argument for og mot ein påstand knytt til det.
Instituttet gjev kvart år rettleiing i minst eitt temaområde frå norsk og/eller internasjonal historie. Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling for fordjupingsoppgåva som skal skrivast innanfor dette temaområdet. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiar. Studenten skal i samråd med rettleiar finne fram til relevant støttelitteratur på kring 500 sider for det temaet og den problemstillinga ho/han har valt for fordjupingsoppgåva.
Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring historisk metode og teori og i historiefaget si utvikling som humanistisk og samfunnsvitskapleg fag frå antikken og fram til i dag. Det blir lagt opp eit felles pensum, sjå pensumliste.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenter:
- har utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie
- har kunnskaper om historisk metode og teori
- har kunnskap om hovudtrekk i utviklinga til historiefaget og humaniora sidan antikken
- har grunnleggande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor historiefaget og humaniora
Studenter:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
- kan analysere sakskompleks knytt til eit avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie ved bruk av relevant historisk metode
- kan plassere eit historisk tema frå/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar
- kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, td gjennom digital medium
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- kan sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei større historisk utvikling
Studenter:
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan historiske kjelder på ein kritisk måte
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Emnet er organisert slik at studentane både får undervisning i dei aktuelle temaområda knytta til oppgåvedelen, og undervisning i teoridelen av emnet. Undervisning skjer i det digtale læringssystemet som Høgskulen i Volda brukar.
All innlevering av oppgåveutkast mm (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i det digitale læringssystemet Høgskulen i Volda brukar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studentene er kjend med elementært internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert lagt ut rettleiingar på nettet.
Studentane skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
Oppgåvedelen (tilsvarar om lag 10 stp)
- Levere eit utkast til temautgreiing og problemstilling til godkjenning av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studentene skal kunne gå videre på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studentene høve til å levere ein ny versjon.
- Levere eit utkast til temaoppgåve med kjelde- og litteraturliste til godkjenning av faglærar. Utkastet skal ha et omfang på 2500-3000 ord utanom framside, samt innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studentene skal kunne gå videre på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studentene høve til å levere ein ny versjon.
- Levere eit tilnærma ferdig utkast til temaoppgåve til godkjenning av faglærar. Utkastet skal ha eit omfang på 3000-5000 ord utanom framside, samt innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studentene skal kunne gå videre på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studentene høve til å levere ein ny versjon.
Teroridelen (tilsvarar om lag 5 stp.)
- Presentere eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet.
Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ein ny sjanse innan ein kort frist.
Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studentene skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendig arbeid.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie - bachelor (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappa skal innehalde den ferdige oppgåva og presentasjonen av tema frå teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen. | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt. | Oppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord. | |
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for fordjupingsoppgåva og pensumet som er lagt opp i tilknyting til denne oppgåva, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet. | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt. |