Semestre

HI100N Historisk innføringsemne

Emnekode: 
HI100N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Enten HI111N og HI112N eller HI112N og HI113N eller HI111N og HI113N.

Om emnet

Emnet skal gje studentane innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag. Det inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet historiefaget og samfunnet.

Emnet er delt i to deler, ein teoridel på om lag 5 studiepoeng og ein oppgåvedel på om lag 10 studiepoeng. Formålet med oppgåvedelen av emnet er å gje studentene høve til å fordjupe seg i eitt tema (område) i norsk og / eller internasjonal historie, ved å skrive ei større fagleg oppgåve (kalla fordjupningsoppgåve) der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt. Gjennom skriveprosessen skal studentene øve opp kritisk haldning til kjelder og litteratur, evne til å utvikle ei problemstilling, evne til å gjere greie for hovuddelane av det valde emnet for fordjupingsoppgåva og diskutere argument for og mot ein påstand knytt til det.

Instituttet gjev kvart år rettleiing i minst eitt temaområde frå norsk og/eller internasjonal historie. Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling for fordjupingsoppgåva som skal skrivast innanfor dette temaområdet. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiar. Studenten skal i samråd med rettleiar finne fram til relevant støttelitteratur på kring 500 sider for det temaet og den problemstillinga ho/han har valt for fordjupingsoppgåva.

Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring historisk metode og teori og i historiefaget si utvikling som humanistisk og samfunnsvitskapleg fag frå antikken og fram til i dag. Det blir lagt opp eit felles pensum, sjå pensumliste. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenter:

  • har utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie
  • har kunnskaper om historisk metode og teori
  • har kunnskap om hovudtrekk i utviklinga til historiefaget og humaniora sidan antikken
  • har grunnleggande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor historiefaget og humaniora
Ferdigheiter

Studenter: 

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
  • kan analysere sakskompleks knytt til eit avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie ved bruk av relevant historisk metode
  • kan plassere eit historisk tema frå/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar 
  • kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, td gjennom digital medium 
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • kan sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei større historisk utvikling
Generell kompetanse

Studenter:

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan historiske kjelder på ein kritisk måte
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert slik at studentane både får undervisning i dei aktuelle temaområda knytta til oppgåvedelen, og undervisning i teoridelen av emnet. Undervisning skjer i det digtale læringssystemet som Høgskulen i Volda brukar.

All innlevering av oppgåveutkast mm (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i det digitale læringssystemet Høgskulen i Volda brukar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studentene er kjend med elementært internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert lagt ut rettleiingar på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

Oppgåvedelen (tilsvarar om lag 10 stp)

  • Levere eit utkast til temautgreiing og problemstilling til godkjenning av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studentene skal kunne gå videre på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studentene høve til å levere ein ny versjon.
  • Levere eit utkast til temaoppgåve med kjelde- og litteraturliste til godkjenning av faglærar. Utkastet skal ha et omfang på 2500-3000 ord utanom framside, samt innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studentene skal kunne gå videre på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studentene høve til å levere ein ny versjon.
  • Levere eit tilnærma ferdig utkast til temaoppgåve til godkjenning av faglærar. Utkastet skal ha eit omfang på 3000-5000 ord utanom framside, samt innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studentene skal kunne gå videre på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studentene høve til å levere ein ny versjon.

Teroridelen (tilsvarar om lag 5 stp.)

  • Presentere eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet. 

Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ein ny sjanse innan ein kort frist.

Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.

Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studentene skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendig arbeid.

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Åsmund Svendsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde den ferdige oppgåva og presentasjonen av tema frå teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt.
Oppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for fordjupingsoppgåva og pensumet som er lagt opp i tilknyting til denne oppgåva, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt.
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023