Semestre
HPE204 Digital didaktikk i mitt fag og mine emne
Krav til forkunnskapar:
Studiet er for fagleg tilsette ved HVO
- Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
- Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering
Studenten skal gjennom dette emne få fagleg oppdatering om bruk av digitale verkty i undervisning og læringsarbeid. Studenten skal utvikle kritisk refleksjon og auke sin eigen handlingskompetanse. Målsetjinga er at studenten skal kunne identifisere og velje ut relevante digitale verkty som kan nyttast i eiga undervisning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter gjennomført emne skal studenten:
- Ha kunnskap om didaktiske modellar for å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning som fremjar læring og faglig utvikling
- Kjenne til aktuelle styringsdokument knytt til undervisning i høyere utdanning
Etter gjennomført emne skal studenten:
- Kunne velje, grunngi og videreutvikle læringsaktivitetar og vurderingsmetodar knytt til læringsutbyttebeskrivingar (LUB-ar) i fag og emne
- Kunne bidra til faglig og pedagogisk nyskaping gjennom val av varierte undervisningsmetodar som inkluderer bruk av digitale verktøy
Etter gjennomført emne skal studenten:
- Kunne ta i bruk digitaldidaktiske kunnskapar og ferdigheiter for å velje, grunngi og vidareutvikle undervisning og emneplanar i eigne fag
Studiet er lagt opp med førelesingar, deltakaraktivitet og utprøving av digitale moglegheiter i Canvas. Deltakarane vil arbeide med praktiske oppgåver knytt til eige arbeid og vil sjølve kunne påverke utforminga av innhaldet, mellom anna ved å ta med eigne erfaringar.
Fellessamlingane er totalt fire dagar (2+1+1) Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med oppgåver knytt til eige arbeid.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80 prosent deltaking på samlingane.
Arbeidskrav:
1. Mindre arbeidskrav knytt til bruk av Canvas
2. Utkast til emneplan med respons
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått |
- Skriftleg innlevering av emneplan
- Grunngjeving av digitaldidaktiske val i emneplanen