Semestre

HPE204 Digital didaktikk i mitt fag og mine emne

Emnekode: 
HPE204
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Vår
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Krav til forkunnskapar: 

 Studiet er for fagleg tilsette ved HVO

  • Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
  • Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering
Om emnet

Studenten skal gjennom dette emnet vidareutvikle si forståing av digital didaktikk og bruk av digitale verkty i undervising og læringsarbeid. Studenten skal utvikle kritisk refleksjon og auke sin eigen handlingskompetanse. Målsetjinga er at studenten skal kunne identifisere og velje ut relevante digitale arbeidsmåtar og verktøy som kan nyttast i eiga undervisning.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter gjennomført emne skal studenten:  

  • Ha kunnskap om didaktiske modellar for å planlegge, gjennomføre og evaluere undervising med bruk av digitale ressursar som fremjar læring og faglig utvikling
  • Kjenne til aktuelle styringsdokument knytt til undervising i høgare utdanning
Ferdigheiter

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • Kunne velje, grunngi og vidareutvikle læringsaktivitetar og vurderingsmetodar knytt til læringsutbyttebeskrivingar (LUB-ar) i fag og emne
  • Kunne bidra til faglig og pedagogisk nyskaping gjennom val av varierte undervisingsmetodar som inkluderer bruk av digitale verktøy
Generell kompetanse

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • Kunne ta i bruk digitaldidaktiske kunnskapar og ferdigheiter for å velje, grunngi og vidareutvikle undervising og emneplanar i eigne fag
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er lagt opp med førelesingar, deltakaraktivitet og utprøving av digitale moglegheiter i Canvas og andre relevante verktøy.  Deltakarane vil arbeide med praktiske oppgåver knytt til eige arbeid og vil sjølve kunne påverke utforminga av innhaldet, mellom anna ved å ta med eigne erfaringar.

Fellessamlingane er totalt fire dagar (2+1+1) Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med oppgåver knytt til eige arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 prosent deltaking på samlingane.

Arbeidskrav:

1. Mindre arbeidskrav knytt til digital didaktikk og bruk av Canvas

2. Utkast til emneplan med refleksjon

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Synnøve Hedemann Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
Mappa skal innehalde :
- Skriftleg innlevering av emneplan
- Grunngjeving av digitaldidaktiske val i emneplanen
Godkjent av: 
Arne Myklebust