Semestre
HPE204 Digital didaktikk i mitt fag og mine emne
- Fleksibel utdanning Norge (2017): Kvalitet i nettundervisning - en veileder. Tilgjengelig på: https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/Veleder_FuN_nettversjon_small.pdf
- Aktuelle styringsdokument for høgare utdanning og aktuell fordjupingslitteratur knytt til fagleg fokus framgår av semesterplanen
Krav til forkunnskapar:
Studiet er for fagleg tilsette ved HVO
- Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
- Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering
Studenten skal gjennom dette emnet vidareutvikle si forståing av digital didaktikk og bruk av digitale verkty i undervising og læringsarbeid. Studenten skal utvikle kritisk refleksjon og auke sin eigen handlingskompetanse. Målsetjinga er at studenten skal kunne identifisere og velje ut relevante digitale arbeidsmåtar og verkty som kan nyttast i eiga undervising.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter gjennomført emne skal studenten:
- Ha kunnskap om didaktiske modellar for å planlegge, gjennomføre og evaluere undervising med bruk av digitale ressursar som fremjar læring og faglig utvikling
- Kjenne til aktuelle styringsdokument knytt til undervising i høgare utdanning
Etter gjennomført emne skal studenten:
- Kunne velje, grunngi og vidareutvikle læringsaktivitetar og vurderingsmetodar knytt til læringsutbyttebeskrivingar (LUB-ar) i fag og emne
- Kunne bidra til fagleg og pedagogisk nyskaping gjennom val og drøfting av varierte undervisingsmetodar som inkluderer bruk av digitale verktøy
- Kunne drøfte digitaldidaktiske val og opplegg med kollegaer
Etter gjennomført emne skal studenten:
- Kunne ta i bruk digitaldidaktiske kunnskapar og ferdigheiter for å velje, grunngi og vidareutvikle undervising og emneplanar i eigne fag
Studiet er lagt opp med førelesingar, seminar, deltakaraktivitet og utprøving av digitale moglegheiter i Canvas og andre relevante verktøy. Deltakarane vil arbeide med praktiske oppgåver knytt til eige arbeid og vil sjølve kunne påverke utforminga av innhaldet, mellom anna ved å ta med eigne erfaringar.
Fellessamlingane er totalt fire dagar (2+1+1) Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med oppgåver knytt til eige arbeid og utvikling av digital kompetanse i Læringsverkstaden.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80 prosent deltaking på samlingane.
Arbeidskrav:
1. Deltaking på samlingar og medfølgjande utviklingsarbeid
2. Fullført 10 av 2-timarkursa som digitale modular eller som kurs i Læringsverkstaden – 8 obligatoriske + to sjølvvalde. Obligatoriske:
- Teams og samskriving i Office365
- Canvas - struktur, organisering og studentkommunikasjon
- Bildebruk, CC, publisering, GDPR, kildesøk
- Rettleiing, vurdering og aktivitetar i Canvas
- Læringsfilm
- Omvendt undervising
- Studentaktivitet og læringssanalyse i Canvas
- Adaptiv læring og meistringsstiar i Canvas
3. Utkast til canvaskurs-oppsett med digitaldidaktisk refleksjon for rettleiing
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått | Munnleg framlegg av planlagd Canvas-kurs med digitaldidaktisk refleksjon basert på pensum. |