Semestre

HPE206 Rettleiing av mastergradsstudentar

Emnekode: 
HPE206
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Studiet er for fagleg tilsette ved HVO

Emnet skal  bidra til å stimulere til langsiktig utvikling av tilsette sin rettleiingskompetanse.Formålet med emnet er å gje deltakarane praktisk og teoretisk innsikt i rettleiing på mastergradsnivå. Emnet er forankra i rettleiingspedagogikk og er relevant for dei ulike studieprogramma ved Høgskulen i Volda. Det vert lagt vekt på ei vid rettleiingsforståing der ulike modellar for mastergradsrettleiing vert presentert som grunnlag for kollegiale diskusjonar. Likskap og ulikskap mellom aktuelle studieprogram vert også tematisert.  Emnet kan inngå i pedagogisk merittering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har:

  • kunnskap om læringsteoretiske rammeverk innan forskingsrettleiing
  • kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på rettleiing, rettleiarrolla og profesjonalitet
  • kunnskap om etiske perspektiv i arbeidet som rettleiar
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • identifisere og nytte ulike rettleiingsstrategiar for å fremje læring
  • ta i bruk relevante tilnærmingar knytt til studentane sine behov i ulike fasar av oppgåveskrivinga
  • ta del i og leie ulike former for rettleiing individuelt og i grupper
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre, analysere og kritisk vurdere rettleiing 
  • kan tilpasse eiga rettleiing til krava i det einskilde studieprogrammet
  • kan ta initiativ til utvikling og nytenking knytt til rettleiing
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vekslar mellom førelesingar, presentasjonar av eigenproduserte tekstar, kollegiale drøftingar og praktiske øvingar.
Intensjonen med arbeidsmåtane er å støtte tilsette i rettleiingsarbeidet og i si eiga utvikling i rolla som rettleiar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all timeplanfesta aktivitet, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, med krav om 70 % oppmøte

Arbeidskrav:

  1. Innlevering av tekst på om lag ei side om ein reell rettleiingssituasjon
  2. Innlevering av tekst på omlag 1200 ord der studenten drøftar eigen praksis som rettleiar, med basis i litteratur om forskingsrettleiing. Arbeidskravet skal presenterast for dei andre deltakarane i emnet.

Detaljert informasjon og vurderingskriterium for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.

Det er ein føresetnad at arbeidskrava er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-7.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Gerd Sylvi Steinnes
Studieavgift

Det er ikkje knytt studieavgift til emnet.

Studentane har fritak for semesteravgift.

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Eksamen bygger på arbeidskrav innlevert i studiet.
Alle hjelpemiddel tillatt
2500-3000 ord
Godkjent av: 
Silje Ims Lied