Semesters
HPE206 Rettleiing av mastergradsstudentar
Ingen.
Studiet er for fagleg tilsette ved HVO
Emnet skal bidra til å stimulere til langsiktig utvikling av tilsette sin rettleiingskompetanse.Formålet med emnet er å gje deltakarane praktisk og teoretisk innsikt i rettleiing på mastergradsnivå. Emnet er forankra i rettleiingspedagogikk og er relevant for dei ulike studieprogramma ved Høgskulen i Volda. Det vert lagt vekt på ei vid rettleiingsforståing der ulike modellar for mastergradsrettleiing vert presentert som grunnlag for kollegiale diskusjonar. Likskap og ulikskap mellom aktuelle studieprogram vert også tematisert. Emnet kan inngå i pedagogisk merittering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kunnskap om læringsteoretiske rammeverk innan forskingsrettleiing
- kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på rettleiing, rettleiarrolla og profesjonalitet
- kunnskap om etiske perspektiv i arbeidet som rettleiar
Studenten kan:
- identifisere og nytte ulike rettleiingsstrategiar for å fremje læring
- ta i bruk relevante tilnærmingar knytt til studentane sine behov i ulike fasar av oppgåveskrivinga
- ta del i og leie ulike former for rettleiing individuelt og i grupper
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre, analysere og kritisk vurdere rettleiing
- kan tilpasse eiga rettleiing til krava i det einskilde studieprogrammet
- kan ta initiativ til utvikling og nytenking knytt til rettleiing
Arbeidsmåtane vekslar mellom førelesingar, presentasjonar av eigenproduserte tekstar, kollegiale drøftingar og praktiske øvingar.
Intensjonen med arbeidsmåtane er å støtte tilsette i rettleiingsarbeidet og i si eiga utvikling i rolla som rettleiar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all timeplanfesta aktivitet, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, med krav om 70 % oppmøte
Arbeidskrav:
- Innlevering av tekst på om lag ei side om ein reell rettleiingssituasjon
- Innlevering av tekst på omlag 1200 ord der studenten drøftar eigen praksis som rettleiar, med basis i litteratur om forskingsrettleiing. Arbeidskravet skal presenterast for dei andre deltakarane i emnet.
Detaljert informasjon og vurderingskriterium for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.
Det er ein føresetnad at arbeidskrava er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
Det er ikkje knytt studieavgift til emnet.
Studentane har fritak for semesteravgift.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Week | Pass / fail | Eksamen bygger på arbeidskrav innlevert i studiet. | Alle hjelpemiddel tillatt | 2500-3000 ord |