Semestre

HPE206 Rettleiing av mastergradsstudentar

Emnekode: 
HPE206
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Studiet er for fagleg tilsette ved HVO

Formålet med studiet er å gje deltakarane praktisk og teoretisk innsikt i rettleiing som læringsform knytt til mastergradsnivå. Emnet er forankra i rettleiingspedagogikk som er tilpassa dei ulike konkrete studieprogramma ved Høgskulen i Volda. Tilhøvet mellom teori og praksis, etiske problemstillingar og profesjonstilhøyrighet er sentralt. Emnet vil gi brei og tverrfagleg innsikt i problemorientert rettleiing, både individuelt og i gruppe. Det vert lagt vekt på ei vid rettleiingsforståing der ulike modellar for mastergradsrettleiing vert presentert og diskutert i lys av likskap og ulikskap mellom aktuelle studieprogram på mastergradsnivå. Eit sentralt tema vil vere å støtte faglærar i utfordringar i rettleiinga av eigne mastergradsstudentar, og studiet skal stimulere til kontinuerleg utvikling av faglærar sin pedagogiske kompetanse. Emnet kan også inngå i pedagogisk merittering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • ha avansert kunnskap om ulike rettleiingstradisjonar og teoretiske rammeverk innan forskingsrettleiing
  • ha inngåande kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på rettleiing, rettleiarrolla og profesjonalitet
  • ha inngåande kunnskap om etiske perspektiv i arbeidet som rettleiar
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne identifisere og nytte ulike rettleiingsstrategiar for å fremje læring
  • kunne ta i bruk relevante tilnærmingar knytte til studentane sine behov i ulike fasar av oppgåveskrivinga
  • kunne ta del i ulike former for individuell og gruppevis rettleiing
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne planlegge, gjennomføre og kritisk analysere rettleiingsprosessar med omsyn til individuell ståstad og institusjonelle krav
  • kunne tilpasse eiga rettleiingsforståing til krava knytt til det einskilde studieprogrammet
  • kunne reflektere kritisk over eigen og andre sin rettleiingspraksis
  • kunne ta initiativ til utvikling og nytenking knytt til rettleiing
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vekslar mellom førelesingar, presentasjonar av eigenproduserte tekstar, drøftingar og praktiske øvingar.
Intensjonen med arbeidsmåtane er å støtte faglærar i rettleiingsarbeidet og si eiga utvikling i rolla som rettleiar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all timeplanfesta aktivitet, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6

Arbeidskrav:

  1. Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet
  2. Innlevering av tekst på om lag ei side om ein reell rettleiingssituasjon
  3. Analysere og drøfte eigen praksis med basis i ein artikkel om forskingsrettleiing

Detaljert informasjon og vurderingskriterium for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-7.

Maksimumstal: 
50
Studieavgift

Det er ikkje knytt studieavgift til emnet.

Studentane har fritak for semesteravgift.

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Alle hjelpemiddel tillatt
Maks 10 sider