Semestre

HPE209 Formidling i høgare utdanning

Emnekode: 
HPE209
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Studiet er for fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda.

Om emnet

Formålet med studiet er å gje deltakarane praktisk og teoretisk innsikt i arbeidet med kommunikasjons- og formidlingsteknikkar i ein didaktisk kontekst, både i det fysiske og det digitale klasserommet. Tilhøvet mellom teori og praksis, etiske problemstillingar og profesjonstilhøyrigheit er sentralt.

Deltakarene vil arbeide med m.a.:

  • Analyse av eigen undervisning knytt til kommunikasjonsmodellar
  • Praktiske og teoretiske øvingar knytt til ulike formidlingsteknikkar
  • Mikrofon og kamerateknikk
  • Dramaturgi som didaktisk verkemiddel

Studiet skal stimulere til kontinuerleg utvikling av faglærar sin pedagogiske kompetanse. Emnet kan også inngå i pedagogisk merittering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • ha avansert kunnskap om ulike kommunikasjons- og formidlingsstrategiar
  • ha inngåande kunnskap om ulike dramaturgiske perspektiv på undervisning, i digitale og fysiske rom.
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne nytte relevante kommunikasjons- og formidlingsteknikkar i ulike pedagogiske situasjonar.
  • kunne analysere og endre eigne kommunikasjonsmønstre.
  • kunne ta del i ulike praktiske øvingar, individuelt og i gruppe.
  • kunne nytte ulike dramaturgiske inngangar i undervisingsplanlegging.
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne reflektere kritisk over eigen og andre sin formidlingspraksis
  • kunne planleggje, gjennomføre og kritisk analysere eigen undervisning, sett i lys av ulike formidlings- og kommunikasjonsstrategiar
  • kunne ta initiativ til utvikling og nytenking knytt til eigen undervisingspraksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vekslar mellom førelesingar, presentasjonar, drøftingar og praktiske øvingar. Intensjonen med arbeidsmåtane er å støtte faglærar i si eiga utvikling i rolla som underviser i høgare utdanning.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all timeplanfesta aktivitet, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6

Arbeidskrav:

  1. Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet
  2. Eit framlegg på 10-15 minutt i gruppe, knytt til analyse av eigen undervising.
  3. Eit undervisingsopplegg på 10-15 minutt, der studenten leier ei gruppe medstudentar.
  4. Ei digital undervisingsøkt på 5-10 minutt.

Alle arbeidskrav har to forsøk. Detaljert informasjon og vurderingskriterium for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-7.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
32
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
Stått eller ikkje stått
100
15 min formidling av eit sjølvvalt tema, og 15 min framlegg av val gjort, knytt til teori og sjølve formidlinga
Alle hjelpemiddel tillat
15 + 15 minutt