Semesters

HUM102 Kurs i oppgåveskriving

Course code: 
HUM102
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet gjev ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving på bachelornivå. Emnet vert samkøyrt med Humanistisk innføringsemne (HUM101)  med omsyn til val av tema for øvingsoppgåve. 

Kurs i oppgåveskriving (HUM102) kan også takast som ein sjølvstendig del og tilpassast andre fagstudium ved Høgskulen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kjennskap til kva formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå, og kjennskap til reglar for korrekt argumentasjon.

Learning outcome skills

Etter fullført studium skal studenten

  • vere i stand til å formulere og avgrense relevante problemstillingar,
  • meistre utforming av oppgåver der ein svarar på ei problemstilling,
  • kunne drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve og slik gjennom analytiske grep og logisk argumentasjon vere i stand til å svare på ei relevant formulert problemstilling,
  • meistre forsvarleg bruk av ulike kjelder.
Learning outcome qualification

Emnet skal setje studenten i stand til å skrive oppgåver på 100- og 200-nivå.

Working and learning activities

Det er lagt opp til seminarundervisning. Studentane får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåveskrivinga.

Assessment requirements

1. Studenten skal levere eit utkast til ei oppgåve innanfor eit delemne innan Humanistisk innføringsemne (HUM 101). Utkastet skal vere på 2000 – 4000 teikn utan mellomrom (ca. 1-2 sider). Utkastet skal innehalde ei problemstilling for oppgåva. Denne skal kommenterast, avgrensast og presiserast og munne ut i ein disposisjon.

2. Studenten skal gje respons på to oppgåveutkast frå medstudentar.

3. Studentar som ikkje tek del i minst 80% av forelesingane, må gjennomføre ei 2 timars individuell prøve i Canvas.

Arbeidskrava skal godkjennast av faglærar og må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Arbeidskrava skal vere oppfylte i same semester som undervisninga blir gitt.

 Det er obligatorisk frammøte til undervisninga

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Katrin Lunde
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Med utgangspunkt i oppgåveutkastet og responsane frå lærar og studentar skriv studenten ei eksamensoppgåve på maksimum 8000 teikn utan mellomrom (ca. 4 sider).
Approval signature: 
Anne Øie