Semesters
IFL204 Friluftsliv II
IFL203 (Friluftsliv 1) og IFL205 (Helse)
Emnet "Friluftsliv II" har vekt på vinter, snø og skred, der ein bygger vidare på kunnskapen frå grunnivået. På vinteren er det fokus på skred og ferdsel på ski i fjellet og det blir fordjupingstur i alpint friluftsliv i Sveits, arktisk friluftsliv på Svalbard eller friluftsliv i Norge (Sveits og Svalbard kan ha eit avgrensa tal plassar). I emnet så inngår det ein praksisperiode, ei studiesamling på snødekka bre og det blir segltokt på Sunnmørskysten som siste faglege samling. Emnet inngår som eit av fire emner i Fordjupingstudium friluftsliv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
- Ha allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
- Ha kunnskap om trygg ferdsel på ski på lagdelt vintersnø
- Ha kunnskap om vegleiing i friluftsliv
- Ha kunnskap om trygg ferdsel på ski på snødekka bre
- Ha kunnskap om segling på kysten
- Ha kunnskap om eit sjølvvalt fordjupingsområde
- Ha kunnskap til å vurdere eigen og andre sine føresetnadar i forhold til å ferdast i ulike naturtypar
- Ha kunnskap om planlegging og tilrettelegging for læring i og om natur.
- Kunne anvende faglege kunnskapar på praktiske og didaktiske problemstillingar
Studenten skal:
- Kunne ta ansvar for grupper i læringssituasjoner i friluftsliv
- Kunne anvende vegleiing som metode
- kunne praktiske og teoretiske ferdigheiter som medfører trygg og lærerik ferdsel i natur
- Kunne planlegge og legge til rette for læring i og om natur.
Studenten skal:
- Kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar
- Forstå verdien tindefriluftslivets tradisjoner
- Reflektere over og vurdere analytisk, kreativt og kritisk hvordan vegleiing blir utøvd og også forstå friluftslivet sin plass i samfunnsutviklinga
- Forstå verdien av naturen som lærings- og opplevelsesarena
- Ta ansvar for og forstå viktigheita av kontinuerlig personleg eigenutvikling
Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar, erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil veksle mellom drøftingar i plenum/forelesing, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar.
Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Materialpengar kr. 300,-.
- Outdoor life/Friluftsliv, intermediate course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 1 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | 1 Week | Pass / fail | Skredsamling. | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | 1 Week | Pass / fail | Vårskitur. | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | 1 Week | Pass / fail | Segltokt. |