Semestre

IFL205 Helse

Emnekode: 
IFL205
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
-
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

Årsstudium i Idrett (IFL101, IFL102, IFL103, IFL104) eller Årsstudium i Friluftsliv (IFL105, IFL106) eller tilsvarande.

Om emnet

Ved fullføring av dette emnet skal studenten kunne drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betyding for valet av ein fysisk aktiv livsstil.Sentrale tema: Livsstil og helse Samfunnsperspektiv på helseLivsstil: Overvekt og fedme, kosthald og ernæring, hjarte- og kar- og lungesjukdomar, diabetes, muskel- og skjelettlidingar Trening og helse Trening i eit livsløpsperspektiv Fysisk helsegevinstPsykisk og sosial helsegevinst Oppleving, livskvalitet og motivasjon Natur og livskvalitet.Motivasjon Terapeutiske og pedagogiske retningar: Vegledning, Adventurebased therapy, Nature-guided therapy. Friluftsliv i eit livsløpsperspektivFilosofi: Kropp og bevisstheitEmnet inngår som del av Bacholor i Idrett og Bachelor i Friluftsliv.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført dette studiet skal studentane: Ha kunnskap om grunnleggjande teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til livsstil og trening Ha kunnskap om teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til opplevingar og beslutningsprosessar. Ha kunnskap til å kunne reflektere over idrett i eit helseperspektiv Ha kunnskap til å kunne reflektere over naturens og friluftslivets betyding i eit helseperspektiv Ha kunnskap og ferdigheiter til å kunne anvende fagleg kunnskap på praktiske og didaktiske problemstillingar Ha kunnskap og ferdigheiter til å kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiearbeidet vil veksle mellom plemumsdrøftingar/forelesing, seminar, gruppearbeid og utandørsopphald. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar gjennom idrett og friluftsliv vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. IKTSeksjonen nyttar classfronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til pedagogisk bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.  Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i emnet.Det vil bli kravd inn kr 150 i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
40
Emnet inngår i følgande studieprogram