Semestre
IFL205 Helse
Årsstudium i Idrett (IFL101, IFL116, IFL117, IFL104) eller Årsstudium i Friluftsliv (IFL105, IFL106) eller tilsvarande.
Ved fullføring av dette emnet skal studenten kunne drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betyding for valet av ein fysisk aktiv livsstil.
Sentrale tema:
Livsstil og helse
- Samfunnsperspektiv på helse
- Livsstil: Overvekt og fedme, kosthald og ernæring, hjarte- og kar- og lungesjukdomar, diabetes, muskel- og skjelettlidingar.
Trening og helse
- Trening i eit livsløpsperspektiv
- Fysisk helsegevinst
- Psykisk og sosial helsegevinst
Oppleving, livskvalitet og samfunn
- Natur og livskvalitet
- Helsefremming i samfunnet
- Kropp, natur og bevisstheit
Emnet inngår som del av Bacholor i idrett og Bachelor i friluftsliv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap og ferdigheiter til å kunne anvende helsefagleg kunnskap på praktiske og didaktiske problemstillingar.
- kunnskap og ferdigheiter til å kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til livsstil og trening.
- har kunnskap om teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til opplevingar og helse.
- har kunnskap til å kunne reflektere over idrett og friluftsliv i eit helseperspektiv.
Studenten
- har ferdigheiter til å kunne anvende helsefagleg kunnskap på praktiske og didaktiske problemstillingar.
- har ferdigheiter til å kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.
Studenten
- kan bruke kunnskapen og ferdigheitene til å drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet gjennom idrett og friluftsliv for ulike grupper.
- har evne til å reflektere og tenke kritisk med tanke på tilrettelegging for ulike individuelle behov.
Studiearbeidet vil veksle mellom plemumsdrøftingar/forelesing, seminar, gruppearbeid, utandørsopphald og praksis.
Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar gjennom idrett og friluftsliv vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar. Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane.
Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til pedagogisk bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, studentpresentasjonar og undervisning i faget.
Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i emnet.
Skriftlig oppgåve i grupper på 2-3 studentar 1500-2000 ord knytt til sentralt pensumstoff, gjerne knytt til praksisarbeid
Godkjent praksis knytt til praktisk pedagogisk utviklingsarbeid i grupper:
- Praksisplan med HMS-plan
- Godkjenning av gjennomført praksis på 10 ulike dagar.
- Innlevert logg frå praksis.
- Framføring av erfaringer frå praksis for medstudentar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Det vil bli krevd inn kr 200 i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.
- Bachelorstudium i friluftsliv
- Bachelorstudium i idrett
- Idrett fordjupning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |