Semestre

IFL205 Helse

Emnekode: 
IFL205
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Årsstudium i Idrett (IFL101, IFL116, IFL117, IFL104) eller Årsstudium i Friluftsliv (IFL105, IFL106) eller tilsvarande.

Om emnet

Ved fullføring av dette emnet skal studenten kunne drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betyding for valet av ein fysisk aktiv livsstil.

Sentrale tema:

Livsstil og helse 

  • Samfunnsperspektiv på helse
  • Livsstil: Overvekt og fedme, kosthald og ernæring, hjarte- og kar- og lungesjukdomar, diabetes, muskel- og skjelettlidingar.

Trening og helse

  • Trening i eit livsløpsperspektiv
  • Fysisk helsegevinst
  • Psykisk og sosial helsegevinst

Oppleving, livskvalitet og samfunn

  • Natur og livskvalitet
  • Helsefremming i samfunnet
  • Kropp, natur og bevisstheit

Emnet inngår som del av Bacholor i idrett og Bachelor i friluftsliv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

  • kunnskap og ferdigheiter til å kunne anvende helsefagleg kunnskap på praktiske og didaktiske problemstillingar.
  • kunnskap og ferdigheiter til å kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.
Kunnskapar
  • Har kunnskap om grunnleggjande teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til livsstil og trening.
  • Har kunnskap om teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til opplevingar og helse.
  • Har kunnskap til å kunne reflektere over idrett og friluftsliv i eit helseperspektiv.
Ferdigheiter
  • Har ferdigheiter til å kunne anvende helsefagleg kunnskap på praktiske og didaktiske problemstillingar.
  • Har ferdigheiter til å kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.
Generell kompetanse
  • Studenten kan bruke kunnskapen og ferdigheitene til å drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet gjennom idrett og friluftsliv for ulike grupper.
  • Studenten har evne til å reflektere og tenke kritisk med tanke på tilrettelegging for ulike individuelle behov.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiearbeidet vil veksle mellom plemumsdrøftingar/forelesing, seminar, gruppearbeid, utandørsopphald og praksis. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar gjennom idrett og friluftsliv vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Seksjonen nyttar classfronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til pedagogisk bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, studentpresentasjonar og undervisning i faget.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.  Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i emnet.

Skriftlig oppgåve i grupper på 2-3 studentar 1500-2000 ord knytt til sentralt pensumstoff, gjerne knytt til praksisarbeid

Godkjent praksis knytt til praktisk pedagogisk utviklingsarbeid i grupper:

  • Praksisplan med HMS-plan
  • Godkjenning av gjennomført praksis på 10 ulike dagar.
  • Innlevert logg frå praksis.
  • Framføring av erfaringer frå praksis for medstudentar.  

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
Ved 10 eller færre vert det vurdert om emnet vert starta opp.
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Kjetil Laurits Høydal
Materialavgift

Det vil bli krevd inn kr 200 i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i friluftsliv
  • Bachelorstudium i idrett
  • Friluftsliv fordjuping
  • Idrett fordjupning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Aud Folkestad