Semestre

IKF104 Motorisk læring

Emnekode: 
IKF104
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ei innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller tilretteleggar for fysisk aktivitet, og gir ei grunnleggjande innføring i ulike perspektiv på motorikk og kroppsleg litterasitet i ein pedagogisk samanheng.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og bevegelsesglede for barn og unge.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten: 

  • har kunnskap om betydninga av spennings- og risikofylt leik for barn og unge si utvikling og læring 
  • har kunnskap om omgjevnadane si betydning for læring av bevegelsar
  • har grunnleggjande kunnskap om observasjon av motorikk i ein pedagogisk samanheng
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp for trening av og aktivitet med barn og unge 
  • han kunnskap om føresetnader for motorisk læring på bakgrunn av vekst og utvikling 
  • har kunnskap om bruk av digital teknologi i kroppsøving og idrett som motivasjon for læring
  • har kunnskap om symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og kunne vurdere risiko med tanke på trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
  • har kunnskap om reglar og speleprinsipp i utvalde ballspel/aktivitetar
  • har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan gjere enkle observasjonar av barn og unges motorikk i ein pedagogisk samanheng
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk, leie og gjennomføre skapande prosessar der bevegelsesglede, kritisk tenking og refleksjon er sentralt 
  • kan utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte bevegelsesaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon 
  • kan gi opplæring i symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp, livberging i vatn og vurdere risiko med tanke på trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
  • kan utføre livbergande førstehjelp og sjøvbergingberging i vatn
  • kan gi opplæring om reglar og speleprinsipp i utvalde og alternative ballspel/aktivitetar
  • kan vurdere risiko og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analytisk vurdere og kommunisere om bevegelsesaktivitetar og ulike miljø 
  • kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til deltaking og tilrettelegging i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet
  • nyttar relevant digital kompetanse i kroppsøving og idrettsfag som motivasjon for læring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vil bli nytta varierte arbeidsfomer i undervisninga.

Det er stilt krav om aktiv deltaking.

Canvas vert nytta som læringsplattform. 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Motorisk læring 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike bevegelsesmiljø i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet:

Kurs 2: Symjing, sjølvberging og livberging

Kurs 3: Leik, ballspel og alternative aktivitetar

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.

Kurs 3: Krav om 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Godkjent arbeidskrav i grupper i kurs 1

  • Godkjente innleveringar i kurs 2 og 3. 

  • Livbergingsprøve.

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Materialavgift

200 kr. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Idrett og kroppsøving - årsstudium
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kurs 1: Motorisk læring
Godkjent av: 
Unni Hagen