Semestre
IKF104 Motorisk læring
Ingen.
Emnet er ei innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten, og gir ei grunnleggjande innføring i fagområdet motorikk, grunnleggjande innføring i observasjon og analyse av barn sin motorikk i ulike rørslemiljø.
Ein vil også rette fokus på betydinga av allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i aktivitetane symjing, stup, livberging og ballspel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
har kunnskap om leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet hjå barn og unge
har kunnskap om allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, aktivitet og friluftsliv i skule og fritid
har kunnskap om korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til barn i ulike rørslemijø
har kunnskap om grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge
han kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling
har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barne- og ungdomskultur
har kunnskap om å utføre symjeopplæring, livreddande førstehjelp og livberging i vatn
har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i symjing, stup, livberging og ulike ballspel
har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
kan utforske eigne kroppslege uttrykk, leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt
kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar som ballspel, symjing, stup og livberging med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon
kan gi opplæring i stup, symjeopplæring og utføre livbergande førstehjelp samt livberging i vatn
kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
kan analytisk vurdere ulike rørslemiljø
kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i kroppsøving, idrettsaktivitetar, ballspel, symjing, stup og livberging
kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar/idrettslærar
Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, webinar, observasjon, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i symjing, stup og livbergande førstehjelp og ballspel vil i hovudsak foregå i basseng, i sal, ute og på stadion.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 2: Symjing, livberging og stup
Kurs 3: Ballspel (basketball, handball og fotball)
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.
Kurs 3: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Arbeidskrav:
Kurs 1: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av ulike rørslemiljø. Skriftleg innlevering i grupper. Omfang på rapport: ca. 1500 ord.
Kurs 1: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Skriftleg individuell innlevering. Refleksjonsnotatet har eit omfang på ca. 500 ord.
Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 2 og 3.
Godkjent livbergingsprøve i basseng.
Godkjente praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
200 kr
- Bachelorstudium i friluftsliv
- Idrett og kroppsøving - årsstudium
- Idrett og kroppsøving - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Kurs 1: Motorisk læring |