Semesters
IKF104 Motorisk læring
Ingen.
Emnet er ei innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller tilretteleggar for fysisk aktivitet, og gir ei grunnleggjande innføring i ulike perspektiv på motorikk og kroppsleg litterasitet i ein pedagogisk samanheng.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og bevegelsesglede for barn og unge.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om betydninga av spennings- og risikofylt leik for barn og unge si utvikling og læring
- har kunnskap om omgjevnadane si betydning for læring av bevegelsar
- har grunnleggjande kunnskap om observasjon av motorikk i ein pedagogisk samanheng
- har kunnskap om grunnleggjande prinsipp for trening av og aktivitet med barn og unge
- han kunnskap om føresetnader for motorisk læring på bakgrunn av vekst og utvikling
- har kunnskap om bruk av digital teknologi i kroppsøving og idrett som motivasjon for læring
- har kunnskap om symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og kunne vurdere risiko med tanke på trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
- har kunnskap om reglar og speleprinsipp i utvalde ballspel/aktivitetar
- har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
- kan gjere enkle observasjonar av barn og unges motorikk i ein pedagogisk samanheng
- kan utforske eigne kroppslege uttrykk, leie og gjennomføre skapande prosessar der bevegelsesglede, kritisk tenking og refleksjon er sentralt
- kan utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte bevegelsesaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon
- kan gi opplæring i symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp, livberging i vatn og vurdere risiko med tanke på trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
- kan utføre livbergande førstehjelp og sjøvbergingberging i vatn
- kan gi opplæring om reglar og speleprinsipp i utvalde og alternative ballspel/aktivitetar
- kan vurdere risiko og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
- kan analytisk vurdere og kommunisere om bevegelsesaktivitetar og ulike miljø
- kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til deltaking og tilrettelegging i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet
- nyttar relevant digital kompetanse i kroppsøving og idrettsfag som motivasjon for læring
Det vil bli nytta varierte arbeidsfomer i undervisninga.
Det er stilt krav om aktiv deltaking.
Canvas vert nytta som læringsplattform.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike bevegelsesmiljø i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet:
Kurs 2: Symjing, sjølvberging og livberging
Kurs 3: Leik, ballspel og alternative aktivitetar
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.
Kurs 3: Krav om 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Godkjent arbeidskrav i grupper i kurs 1
Godkjente innleveringar i kurs 2 og 3.
Livbergingsprøve.
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
200 kr.
- Physical Education - bachelor
- Sports/physical education - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kurs 1: Motorisk læring |