Semesters

IKF104 Motorisk læring

Course code: 
IKF104
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Motorisk læring
Teaching semester: 
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Motorisk læring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet er ei innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten, og gir ei  grunnleggjande innføring i fagområdet motorikk, grunnleggjande innføring i observasjon og analyse av barn sin motorikk i ulike rørslemiljø.

Ein vil også rette fokus på betydinga av allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i aktivitetane symjing, stup, livberging og ballspel. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Studenten: 

  • har kunnskap om leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet hjå barn og unge 

  • har kunnskap om allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, aktivitet og friluftsliv i skule og fritid 

  • har kunnskap om korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til barn i ulike rørslemijø 

  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge 

  • han kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling 

  • har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barne- og ungdomskultur 

  • har kunnskap om å utføre symjeopplæring, livreddande førstehjelp og livberging i vatn 

  • har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i symjing, stup, livberging og ulike ballspel 

  • har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 

Learning outcome skills

Studenten:

  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk, leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt 

  • kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar som ballspel, symjing, stup og livberging med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon 

  • kan gi opplæring i stup, symjeopplæring og utføre livbergande førstehjelp samt livberging i vatn 

  • kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø 

  • kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader 

  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 

Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan analytisk vurdere ulike rørslemiljø 

  • kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i kroppsøving, idrettsaktivitetar, ballspel, symjing, stup og livberging 

  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar/idrettslærar 

Working and learning activities

Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, webinar, observasjon, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i symjing, stup og livbergande førstehjelp og ballspel vil i hovudsak foregå i basseng, i sal, ute og på stadion.  

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget. 

 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Motorisk læring 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Symjing, livberging og stup 

Kurs 3: Ballspel (basketball, handball og fotball) 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.

Kurs 3: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

Arbeidskrav:

  • Kurs 1: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av ulike rørslemiljø. Skriftleg innlevering i grupper. Omfang på rapport: ca. 1500 ord. 

  • Kurs 1: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Skriftleg individuell innlevering. Refleksjonsnotatet har eit omfang på ca. 500 ord.

  • Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 2 og 3. 

  • Godkjent livbergingsprøve i basseng.

  • Godkjente praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
55
Person in charge: 
Elisabeth Innselset
Expenses

200 kr

Used in other programs
  • Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
  • Physical Education - bachelor
  • Sports/physical education - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital examination
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Kurs 1: Motorisk læring
Approval signature: 
Catarina Andersson