Semestre
IKF106 Friluftsliv 1
Ingen.
Friluftsliv 1 inngår som første emne i bachelor i friluftsliv og naturguide og/eller friluftsliv årsstudium. Emnet omhandler allsidig friluftsliv, fra kystlandskap til fjell- og brelandskap. Ferdsel på og ved sjøen og på vann, friluftsliv i skogen, og ferdsel i fjell- og brelandskap har en viktig rolle i emnet. I tillegg er blandt annet kanopadling, livberging, førstehjelp, utstyrslære og naturkjennskap sentrale i den praktiske delen av emnet. Den teoretiske delen av emnet tar for seg friluftsliv som kulturelt og historisk samfunnsfenomen, vegledning og ledelse i i friluftsliv, samt naturforvaltning og aktuelle problemstillinger for arbeid med og utøvelse av friluftsliv i dag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
- har kunnskap om dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk, fritid og næringsliv
- har kunnskap om vegleiing og leiing i friluftsliv
- har kunnskap om friluftsliv som samfunnsfenomen før og no
Studenten:
- har ferdigheiter i å kunne ferdast trygt i ulike former for natur på kysten, i skogen og på fjellet under vekslande tilhøve med ansvar for grupper
- kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
- kan gjere greie for sentrale utviklingstrekk i friluftsliv og kan gjere greie for friluftsliv som kulturelt fenomen
- kan identifisere og gjere greie for ulike former for landskapdanning, dyre- og planteliv i ulike typar natur
Studenten:
- har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifisert fagleg skjønn
- har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
- kan anvende kunnskap og ferdigheiter for å sjølvstendig kunne reflektere over og fungere som ein ansvarleg leiar i friluftslivsfaget
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar, eigenferder og digital undervisning. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver kan bli lagt inn.
Frammøtekrav:
Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.
Arbeidskrav:
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.
- Utarbeidet eigenutviklingsplan som tek utgangspunkt i personlege læringsmål. Eigenutviklingsplanen skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.
- Gjennomført læringsløype i akademisk skriving.
- Godkjent oppgåve på 800 ord knytt til kystfriluftsliv.
- Godkjent presentasjon av observasjonspraksis i samband med praksisseminar. Studenten må også levere eit kort refleksjonsnotat frå praksis på førehand av praksisseminaret.
- Godkjent etterarbeid etter åleinetur.
- Godkjent gruppevis presentasjon av eigentur.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
400
- Friluftsliv - årsstudium
- Friluftsliv og naturguide - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | 1 veke | Stått eller ikkje stått | Skog og hei. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte. | Skog og hei | ||
Praktisk eksamen | Individuell | 1 veke | Stått eller ikkje stått | Fjell og brelandskap. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte. | Fjell og brelandskap | ||
Praktisk eksamen | Individuell | 1 veke | Stått eller ikkje stått | Fjord og fjøre. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte. | Fjord og fjøre | ||
Praktisk eksamen | Individuell | 1 veke | Stått eller ikkje stått | Kyst. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte. | Kyst | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |