Semestre

IKF106 Friluftsliv 1

Emnekode: 
IKF106
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet Friluftsliv 1 omhandlar friluftsliv ved kysten og på sjøen, friluftsliv i skogen og i fjell og brelandskap, kanopadling, utstyrslære, naturkjennskap, friluftsliv og samfunn, friluftslivspedagogikk (veglederlære og turleiing), naturforvaltning. Emnet inngår som første emnet i Bachelor i friluftsliv og naturguide.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
  • kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk,  fritid og kommersiell verksemd.
  • kjennskap til og kunnskap om vegledning og turleiing i friluftsliv. 
  • kunnskap om friluftsliv som samfunnsfenomen før og no.
Ferdigheiter

Studenten

  • har innsikt i korleis planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø. 
  • har dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav.
  • har allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen.
Generell kompetanse

Studenten har

  • innsikt i relevante faglege og etiske problemstillinger og kunne utøve kvalifiserte faglege skjønn.
  • grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar og erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøftingar og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald og ferd (som kan vare over fleire døgn), gruppearbeid og plenumsdrøftingar og forelesing. Ferdigheitsprøver kan leggast inn.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

 

Arbeidskrav:

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IKF107.

- Studenten skal utarbeide ein eigen utviklingsplan som tek utgangspunkt i personlege læringsmål. Eigen utviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.

- Godkjent oppgåve på 800 ord knytt til kurset Fjord og Fjøre.

- Godkjent presentasjon av observasjonspraksis i samband med praksisseminar/ friluftslivspedagogikk undervisning. Studenten må også levere eit kort notat med refleksjonar frå praksis på førehand av praksiseminaret.

- Godkjent etterarbeid etter åleinetur.

- Godkjent gruppevis presentasjon av eigentur skal leggjast fram i plenum.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

 

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Dag Erik Wold
Materialavgift

400

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i idrett
  • Friluftsliv - årsstudium
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Skog og hei. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Skog og hei
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Fjell og brelandskap. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Fjell og brelandskap
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Fjord og fjøre. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Fjord og fjøre
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Kyst. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Kyst
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen. Studenten må stille med eigen bærbar datamaskin.
Godkjent av: 
Aud Folkestad