Semestre

IKF106 Friluftsliv 1

Emnekode: 
IKF106
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Friluftsliv 1 inngår som første emne i bachelor i friluftsliv og naturguide og/eller friluftsliv årsstudium. Emnet omhandler allsidig friluftsliv, fra kystlandskap til fjell- og brelandskap. Ferdsel på og ved sjøen og på vann, friluftsliv i skogen, og ferdsel i fjell- og brelandskap har en viktig rolle i emnet. I tillegg er blant annet kanopadling, livberging, førstehjelp, utstyrslære og naturkjennskap sentrale i den praktiske delen av emnet. Den teoretiske delen av emnet tar for seg friluftsliv som kulturelt og historisk samfunnsfenomen, vegleiing og ledelse i friluftsliv, samt naturforvaltning og aktuelle problemstillinger for arbeid med og utøvelse av friluftsliv i dag. Hvordan friluftsliv kan inngå i en større samfunnskontekst blir løftet opp i en større diskusjon om natur og livskvalitet. Opplæring i friluftsliv kan inngå som helsefremmende tiltak for mange grupper i samfunnet.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • kan forklare og reflektere over samspelet i naturen, og har forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
  • har kunnskap om dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk og fritid
  • kan anvende kunnskap om leiing i friluftsliv og arbeidsmåten som kjenneteiknar naturvennleg friluftsliv med begrepet vegleiing.
  • har kunnskap om friluftsliv som samfunnsfenomen før og no
  • kan forklare og diskutere bruken av friluftsliv som helsefremjande aktivitet.
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan anvende ferdigheiter til trygg ferdsel i ulike former for natur på kysten, i skogen og på fjellet under vekslande tilhøve aleine og i grupper
  • kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
  • kan beskrive og analysere sentrale utviklingstrekk i friluftsliv og reflektere over friluftsliv som kulturelt fenomen.
  • kan identifisere og forklare for ulike former for landskapdanning, dyre- og planteliv i ulike typar natur
Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifisert fagleg skjønn
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar for å bidra til utvikling av god praksis innan fagfeltet
  • kan anvende kunnskap og ferdigheiter for å sjølvstendig kunne reflektere over og fungere som ein ansvarleg leiar i friluftslivsfaget
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar, eigenferder og digital undervisning. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver kan bli lagt inn.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

Arbeidskrav:

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

  • Utarbeidet eigenutviklingsplan som tek utgangspunkt i personlege læringsmål. Eigenutviklingsplanen skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.
  • Godkjent oppgåve knytt til akademisk skriving.
  • Godkjent oppgåve på 800 ord knytt til kystfriluftsliv.
  • Godkjent presentasjon av observasjonspraksis i samband med praksisseminar. Studenten må også levere eit kort refleksjonsnotat frå praksis på førehand av praksisseminaret.
  • Godkjent etterarbeid etter åleinetur.
  • Godkjent gruppevis presentasjon av eigentur.

Krav til utstyr og ferdigheiter

Studenten må vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på seg sjølv i variert natur. Studenten må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots i ulendt terreng og på ski med full oppakning under varierte forhold. Under samlingane vil ein bu i telt eller ulike former for bivouak.

Sensorordning
Maksimumstal: 
48
Emneansvarleg: 
Audun Røhnebæk Stikbakke
Materialavgift

400

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv - årsstudium
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Skog og hei. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Skog og hei
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Fjell og brelandskap. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Fjell og brelandskap
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Fjord og fjøre. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Fjord og fjøre
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Kyst. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Kyst
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Unni Hagen