Semestre

IKF107 Friluftsliv 2

Emnekode: 
IKF107
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IKF106 Friluftsliv 1
Om emnet

Emnet fokuserer på friluftsliv i skogen og på fjellet om vinteren og våren. Sentrale delar av undervisninga omhandlar ferdigheiter, kunnskapar knytt til leiing og vegleiing av grupper knytt til vinterfriluftsliv. Trygg ferdsel med tanke på snøskred er sentralt. Semesteret har ein praksisperiode. Emnet inneheld òg forvaltningslære, naturkjennskap og utstyrslære. Emnet inngår som andre emnet i Bachelor i friluftsliv og naturguide.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vegleiing og leiing  med særleg fokus på vinterfriluftsliv
  • har kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
  • har kjennskap til dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk, fritid og kommersiell verksemd
  • har kunnskapar om korleis naturen og friluftslivet vert forvalta i Noreg
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
  • har allsidige ferdigheiter til å ferdast i ulike former for natur under vekslande forhold
  • har ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i forhold til ulike naturkrav
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte faglege skjønn
  • har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
  • kan sjølvstendig anvende kunnskap og ferdigheiter i ulike situasjonar gjennom å vise evne til samarbeid, evne til refleksjon og kritiske tenking knytt til leiing i vinterfriluftslivet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyret aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar og eigenferder. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver kan bli lagt inn.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

 

Arbeidskrav: 

  • Rapport frå praksis skal vere levert til fastsett tid i semesterplanen
  • Studenten skal revidere Eigenutviklingsplan og dei personlege læringsmåla. Eigenutviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen
  • Godkjent oppgåve på 1500 ord knytt til temaet vinterfriluftsliv

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Dag Erik Wold
Materialavgift

Materialpengar kr. 400,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i idrett
  • Friluftsliv - årsstudium
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Skredkurs. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Skredkurs
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Vinterfriluftsliv i fast leir. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Vinterfriluftsliv i fast leir
Praktisk eksamen
Individuell
2 Veker
Stått eller ikkje stått
Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe
Praktisk eksamen
Individuell
Vårskitur våren 2020 går ut som samling som fylgje av Korona-situasjonen. Det vert i staden undervist i pensum knytt til vårskituren med mellom anna video.
Vårskitur
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle
Godkjent av: 
Aud Folkestad