Semestre
IKF107 Friluftsliv 2
Friluftsliv 2 inngår som andre emnet i Bachelor i friluftsliv og naturguide og/eller friluftsliv årsstudium. Emnet omhandler friluftsliv i skogen og på fjellet om vinteren og våren. Sentrale delar av undervisninga handlar om kunnskapar og ferdigheiter i vinterfriluftsliv, ferdsel på ski i variert terreng, i tillegg til leiing og vegleiing av grupper i vinter- og vårlandskap. Trygg ferdsel om vinteren står i sentrum. I tillegg tar emnet for seg blandt annet tema iskjennskap, førstehjelp og redning, ansvar, lovverk og didaktikk innan friluftsliv, naturforvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Semesteret har ein praksisperiode og ein lengre egenferd i grupper.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- kan forklare og anvende prinsipp for leiing og vegleiing med særleg vekt på vinterfriluftsliv.
- Kan formidle kunnskapar om samspelet i naturen, enkeltarter og landskapsformar og reflektere over mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
- Kan beskrive og vurdere dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til utøving av friluftsliv i barnehage, skuleverk, fritid og næringsliv.
- har utvida kunnskapar om korleis naturen og friluftslivet vert forvalta i Noreg
Studenten
- kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø, med særleg vekt på ferdsel på ski i vinter- og vårlandskap
- kan anvende allsidige ferdigheiter til å ferdast trygt i ulike former for natur under vekslande forhold med ansvar for grupper
- kan vurdere eigne og andre sine føresetnader i forhold til ulike naturkrav, og vise nødvendige ferdigheiter og haldningar for trygg og hensynsfull ferdsel i natur
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar innan fagområdet og kan utøve kvalifisert fagleg skjønn
- kan utveksle synspunkter og erfaringer med andre med bakgrunn innen fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- kan sjølvstendig anvende kunnskap og ferdigheiter i ulike situasjonar gjennom å vise evne til samarbeid, evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til leiing i vinterfriluftslivet i Noreg
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar, eigenferder og digital undervisning. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver er lagt inn.
Frammøtekrav:
Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.
Studiet består av fleire eksamenssamlingar som krev 100 % deltaking for godkjenning. Eksamenssamlingene bygger på hverandre, og ved manglande godkjenning av ein eller fleire eksamenssamlingar kan studenten miste retten til deltaking på påfølgande eksamenssamlingar
Arbeidskrav:
- Godkjent skriftlig rapport/ refleksjonsnotat frå gjennomført praksis.
- Godkjent eigenutviklingsplan. Praktisk arbeidskrav med enkelte ferdigheitstestar og vurdering av grunnleggande ferdigheiter i vinterfriluftsliv
- Godkjent oppgåve på 1500 ord knytt til temaet vinterfriluftsliv
Krav til utstyr og ferdigheiter
Studenten må vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på seg sjølv og andre i variert natur. Studenten må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots i ulendt terreng og på ski med full oppakning under varierte forhold. Under samlingane vil ein bu i telt eller ulike former for bivouak.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
Materialpengar kr. 400,-
- Friluftsliv - årsstudium
- Friluftsliv og naturguide - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | 1 veke | Stått eller ikkje stått | Skredkurs. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Skredkurs | ||
Praktisk eksamen | Individuell | 1 veke | Stått eller ikkje stått | Vinterfriluftsliv i fast leir. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Vinterfriluftsliv i fast leir | ||
Praktisk eksamen | Individuell | 2 Veker | Stått eller ikkje stått | Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe | ||
Praktisk eksamen | Individuell | 1 veke | Stått eller ikkje stått | Vårskitur. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Vårskitur | ||
Munnleg eksamen | Individuell | minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |