Semestre

IKF107 Friluftsliv 2

Emnekode: 
IKF107
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Outdoor Life 2
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IKF106 Friluftsliv 1
Om emnet

Emnet Friluftsliv 2 omhandlar friluftsliv om vinteren, og friluftsliv i samband med skog og fjell. Ein viktig del av dette emnet er pedagogikk/fagdidaktikk, planarbeid og praksis. Emnet inneheld òg forvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Emnet inngår som andre emnet av Bachelor i friluftsliv og naturguide.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

- har grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad

- har kjennskap til og kunnskap om vegledning og leiing  i friluftsliv

- har kjennskap til dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk

- har grunnleggande kunnskapar om hvordan naturen og friluftslivet vert forvalta i Noreg.

Ferdigheiter

Studenten

- kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø

- har allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen 

- har dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav 

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte faglege skjønn.
  • har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar og erfaringar ein får ute, vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald og ferd (som kan vare over fleire døgn), gruppearbeid og plenumsdrøftingar/forelesing. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Ferdigheitsprøver kan leggast inn.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

 

Arbeidskrav: 

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IKF 107

- Rapport frå praksis skal vere levert til fastsett tid i semesterplanen
- Studenten skal revidere Eigenutviklingsplan og dei personlege læringsmåla. Eigenutviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.

- Godkjent oppgåve på 1500 ord knytt til temaet vinterfriluftsliv

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

 

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Dag Erik Wold
Materialavgift

Materialpengar kr. 400,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i idrett
  • Friluftsliv - årsstudium
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Skredkurs. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Skredkurs
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Vinterfriluftsliv i fast leir. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Vinterfriluftsliv i fast leir
Praktisk eksamen
Individuell
2 Veker
Stått eller ikkje stått
Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe
Praktisk eksamen
Individuell
1 veke
Stått eller ikkje stått
Vårskitur. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Vårskitur
Munnleg eksamen
Individuell
25 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Aud Folkestad