Semesters
IKF208 Naturguiding i vinterlandskap
Studentane skal få innsikt i guidearbeid om vinteren. Emnet har fokus på trygg ferdsel i vinterlandskap, og tema som risikovurdering, opplevingar og haldningar vil stå sentralt. Det å unngå skredutsett terreng er eit viktig element. Delar av undervisninga skje ute i vinterlandskap med studentaktive prosjekt og guidepraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskapar om lovverk og forskrifter knytt til ferdsel, bruk og forvaltning i verneområde, nasjonalparkar og andre område med restriksjonar i samband med reiseliv.
- har kunnskapar om lovverk og forskrifter i samband med tryggleik og ansvar knytt til det å vere guide for gjestar og grupper på tur i vinterlandskap.
- har kunnskapar om skredterreng og «den menneskelege faktoren» i samband med ferdsel i vinterlandskap.
Studenten
- har opparbeidd kjennskap til snødekket, vertilhøve og ulike typar snødekte landskap.
- kan organisere og gjennomføre guida turar, samt formidle informasjon om vinterlandskap og legge til rette for opplevingar.
- kan utøve fagleg skjønn for trygge vegval, gode aktivitetar og gode leirplassar i vinterlandskap.
- har relevante ferdigheiter i redning og førstehjelp.
Studenten
- har innsikt i tenking og faglege skjønn knytt til tryggleik og risikovurderingar under ferdsel i vinterlandskap.
- kan bidra til god og ansvarleg praksis innan naturguiding i vinterlandskap.
Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, gruppearbeid, undervisningsopplegg og opphald ute og eigenstudium.
Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane vil danne grunnlag for drøfting, refleksjon og læring og føreset aktiv deltaking og medansvar.
Studentane vil få praktisk ansvar for organisering og gjennomføring av enkelte undervisningsopplegg og guideoppgåver.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Det er obligatorisk frammøte også til førebuigar og etterarbeid knytt til undervisningsopplegg ute.
Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane i studiet. For undervisningsopplegg over fleire dagar med overnatting er det krav om 100 prosent frammøte og deltaking.
Arbeidskrav
- Aktiv deltaking under undervisningsopplegga.
- Gjennomført munnleg framlegging av oppgåve knytt til studium av snødekke.
- Godkjent oppgåve om vinterlandskap, ferdsel og trygge vegvalg i vinterlandskap, omlag 2500 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Materialavgift kr 400.
- Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. |