Semestre

IKF209 Bacheloroppgåve - Guideprodukt

Emnekode: 
IKF209
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IKF206 Nature Guiding in Fjord Landscapes
IKF207 Nature Guiding as a Profession
IKF208 Naturguiding i vinterlandskap
Om emnet

Studentane skal levere eit utviklingsarbeid, der dei har utvikla og ferdigstilt eit naturbasert guideprodukt i tråd med prosjektskissa.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskapar om guiden si rolle i naturbasert reiseliv.
  • har kunnskapar om dei elementa eit naturbasert reiselivsprodukt må innehalde for å oppfylle krava for ein godkjend turoperatør.
  • har kunnskapar om rammeverket for å kunne gjennomføre praktisk naturguidearbeid etter profesjonsstandarden for naturguidar.
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan bruke kunnskapar, innsikter og erfaringar frå guideoppgåver i studiet, praksis og studieferd til å utvikle guideprodukt.
  • kan utvikle eit guida reiselivsprodukt, der ein kartlegg og skildrar heile produktet med transport, overnatting, bevertning, guida tur i valt område, vurderingar av tryggleiken og eventuelle restriksjonar i området. Det skal leggjast særleg vekt på sjølve guidearbeidet. Målgruppe skal vere definert.
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan reflektere over yrkesmessige, juridiske og etiske sider ved rolla som naturguide.
  • kan bidra med erfaringar, innsikt og synspunkt for å utvikle gode og ansvarlege produkt innan naturguiding. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Bacheloroppgåva er i hovedsak basert på sjølvstendig arbeid under rettleiing av faglærar.

Fellesøkter vil veksle mellom framleggingar, drøftingar i plenum og eigenstudium, dette kan vere både med fysisk oppmøte og digitalt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen.

Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane av studiet.

Arbeidskrav

  • Tema for oppgåva og skisse av guideproduktet skal innlevarast innan fastsett tid i semesterplanen.
  • Gjennomført munnleg framlegging av tema og skisse av guideproduktet.
Sensorordning
Minimumstal: 
3
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Stig Løland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Oppgave skrives normalt alene (anbefalt), ev i gruppa på 2-3 studenter etter avtale.

Som alternativ til skriftleg oppgåve (alternativ 1.) kan studentane velje munnleg presentasjon (alternativ 2).

Ev gruppa skal velge samme vurderingsform (alternativ 1. eller 2.). Karakter er felles. Ved munnleg presentasjon som vurderingsform skal heile gruppa være tilstades og delta aktivt i fremleggingen.
Alle
1. Skriftleg oppgåve. Omfang på 6000 - 12 000 ord. Linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font. Ev. tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg.

2. Munnleg presentasjon av oppgaven. 30 min til presentasjonen (valgfrie hjelpemidler) + 15 minutt til utspørring.

Ved munnleg presentasjon leveres skriftlig materiale («manus») på 3000 - 6000 ord til sensorkommisjonen til avtalt tid. Ev. tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg.
Godkjent av: 
Unni Hagen