Semestre
IKF209 Bacheloroppgåve - Guideprodukt
Studentane skal levere eit utviklingsarbeid, der dei har utvikla og ferdigstilt eit naturbasert guideprodukt i tråd med prosjektskissa.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskapar om guiden si rolle i naturbasert reiseliv.
- har kunnskapar om dei elementa eit naturbasert reiselivsprodukt må innehalde for å oppfylle krava for ein godkjend turoperatør.
- har kunnskapar om rammeverket for å kunne gjennomføre praktisk naturguidearbeid etter profesjonsstandarden for naturguidar.
Studenten
- kan bruke kunnskapar, innsikter og erfaringar frå guideoppgåver i studiet, praksis og studieferd til å utvikle guideprodukt.
- kan utvikle eit guida reiselivsprodukt, der ein kartlegg og skildrar heile produktet med transport, overnatting, bevertning, guida tur i valt område, vurderingar av tryggleiken og eventuelle restriksjonar i området. Det skal leggjast særleg vekt på sjølve guidearbeidet. Målgruppe skal vere definert.
Studenten
- kan reflektere over yrkesmessige, juridiske og etiske sider ved rolla som naturguide.
- kan bidra med erfaringar, innsikt og synspunkt for å utvikle gode og ansvarlege produkt innan naturguiding.
Bacheloroppgåva er i hovedsak basert på sjølvstendig arbeid under rettleiing av faglærar.
Fellesøkter vil veksle mellom framleggingar, drøftingar i plenum og eigenstudium, dette kan vere både med fysisk oppmøte og digitalt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen.
Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane av studiet.
Arbeidskrav
- Tema for oppgåva og skisse av guideproduktet skal innlevarast innan fastsett tid i semesterplanen.
- Gjennomført munnleg framlegging av tema og skisse av guideproduktet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Friluftsliv og naturguide - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle | 1. Skriftleg oppgåve. Omfang på 6000 - 12 000 ord. Linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font. Ev. tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg. 2. Munnleg presentasjon av oppgaven. 30 min til presentasjonen (valgfrie hjelpemidler) + 15 minutt til utspørring. Ved munnleg presentasjon leveres skriftlig materiale («manus») på 3000 - 6000 ord til sensorkommisjonen til avtalt tid. Ev. tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg. |
Som alternativ til skriftleg oppgåve (alternativ 1.) kan studentane velje munnleg presentasjon (alternativ 2).
Ev gruppa skal velge samme vurderingsform (alternativ 1. eller 2.). Karakter er felles. Ved munnleg presentasjon som vurderingsform skal heile gruppa være tilstades og delta aktivt i fremleggingen.