Semestre

IKF209 Bacheloroppgåve - Guideprodukt

Emnekode: 
IKF209
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IKF206 Nature Guiding in Fjord Landscapes
IKF207 Nature Guiding as a Profession
IKF208 Naturguiding i vinterlandskap
Om emnet

Studentane skal levere eit utviklingsarbeid, der dei har utvika og ferdigstilt eit naturbasert guideprodukt i tråd med prosjektskissa.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskapar om guiden si rolle i naturbasert reiseliv.
  • har kunnskapar om dei elementa eit naturbasert reiselivsprodukt må innehalde for å oppfylle krava for ein godkjend turoperatør.
  • har kunnskapar om rammeverket for å kunne gjennomføre praktisk naturguidearbeid etter profesjonsstandarden for naturguidar.
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan bruke kunnskapar, innsikter og erfaringar frå guideoppgåver i studiet, praksis og studieferd til å utvikle guideprodukt.
  • kan utvikle eit guida reiselivsprodukt , der ein kartlegg og skildrar heile produktet med transport, overnatting, bevertning, guida tur i valt område, vurderingar av tryggleiken og eventuelle restriksjonar i området. Det skal leggjast særleg vekt på sjølve guidearbeidet. Målgruppe skal vere definert.
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan reflektere over yrkesmessige, juridiske og etiske sider ved rolla som naturguide.
  • kan bidra med erfaringar, innsikt og synspunkt for å utvikle gode og ansvarlege produkt innan naturguiding. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vil veksle mellom framleggingar, drøftingar i plenum og eigenstudium.

Studentane får tilbod om rettleiing i arbeidet med oppgåva. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane av studiet.

Arbeidskrav

  • Gjennomført munnleg framlegging av 1.Tema for oppgåva og 2.Skisse av guideproduktet.
  • Levert rettleiingsdokument og avtalt tid for rettleiing med faglærar.
Sensorordning
Minimumstal: 
3
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Dag Erik Wold
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Oppgåva skal normalt skrivast i grupper på 2-3 studentar. Som alternativ til skriftleg oppgåve kan studentane velje munnleg presentasjon.
Alle
1. Skriftleg oppgåve. Omfang på 6000 - 12 000 ord. Linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font. Evt tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg.
2. Fagleg presentasjon på 30 minutt av ei problemstilling (valfrie hjelpemiddel) + 15 minutt til å svare på spørsmål.
Godkjent av: 
Unni Hagen