Semestre
INF121 PR og kommunikasjon 1: Teoriinnføring med praktiske øvingar
Ingen
Innføringsemnet PR og kommunikasjon 1 (INF121) er satt saman av ein teoridel og praktiske øvingar. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til korleis omgrepet og fenomenene strategisk kommunikasjon og opinionspåverking har vært forstått og har utvikla seg innanfor ei rad akademiske skuleretningar. Målet med emnet er å vise korleis dei forskjellige teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet rundt denne. I dei praktiske øvingane får studentane arbeide med ulike prosjekt- og case der vi setter teoriene inn i ein kontekst. Emnet INF121 er gitt i samanheng med emnet Markeder og kontekster (MOK101).
.I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Kandidaten skal etter fullført emne ha tileigna seg grunnleggande kunnskap om dei teoretiske perspektiva som ligg til grunn for vår forståing av omgrepet og fenomenet strategisk kommunikasjon
- Kandidaten skal vidare ha kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt (med seg sjølv) og eksternt med omverda
- Kandidaten skal kunne reflektere kritisk rundt den praktiske kontekstuelle relevansen og forklaringskrafta til dei ulike teoretiske perspektiva
- Kandidaten skal vidare kunne gjere ein kvalifisert vurdering av kva innfallsvinklar som er best eigna innanfor ulike sektorer, bransjar eller marknadsførehald
.
Førelesningar, gruppearbeid og praktiske case- og prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i alle case- og prosjektøvingar. Kva timer som er obligatoriske vil framgå av arbeidsplanen. Han gir ein samlet oversikt over undervisninga og blir publisert ved studiestart.
Godkjent deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet. Praktiske oppgåver skal være dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg. Nærare omtale av dette (fristar, form, omfang) blir gitt i arbeidsplanen. Ei evaluering av emnet skal gjerast mot slutten av emnet
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00. | Omfang av innlevert hjemmeeksamen er ca 3000 ord (eksl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg). |