Semestre
INF121 PR og kommunikasjon 1: Teoriinnføring med praktiske øvingar
Ingen
Innføringsemnet PR og kommunikasjon 1 (INF121) er sett saman av ein teoridel med praktiske øvingar gjennom heile semesteret, samt ein praksisbolk. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til korleis PR, strategisk kommunikasjon og opinionspåverking har utvikla seg innanfor ulike fagtradisjonar. Målet med emnet er å vise korleis dei ulike teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet elles. I dei praktiske øvingane får studentane arbeide med ulike prosjekt- og case der vi set teoriene inn i ein kontekst.
INF121 har ein omfattande praksisdel der studentane får opplæring i, og nytte oppdatert programvare for ulike kommunikasjonsoppgåver og -tiltak.
INF121 er gjeve i samanheng med emnet Marknad og samfunn (Tidlegare Markeder og kontekster MOK101) og innføringsemnet i journalistikk, Journalitikk 1 (JOU101).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Kandidaten skal etter fullført emne ha tileigna seg grunnleggande kunnskap om dei teoretiske perspektiva som ligg til grunn for vår forståing av omgrepa PR og strategisk kommunikasjon
- Kandidaten skal vidare ha kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt (med seg sjølv) og eksternt med omverda
- Kandidaten skal kunne reflektere kritisk rundt den praktiske kontekstuelle relevansen og forklaringskrafta til dei ulike teoretiske perspektiva
- Kandidaten skal vidare kunne gjere ei kvalifisert vurdering av kva innfallsvinklar som er best eigna innanfor ulike sektorer, bransjar eller marknadsførehald
- Kandidaten skal ha oversikt over dei vanlegaste verktya i Adobe og kunne nytte desse
- Kandidaten skal ha grunnleggande skriveferdigheiter knytt til aktuelle tekstsjangrar det er gjeve undervising i
Oversikt i grunnleggande kommunikasjonsteori, PR, strategisk kommunikasjon, samt kunne nytte desse i praktiske kommunikasjonstiltak
Førelesningar, gruppearbeid og praktiske case- og prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i praksisperiodem, i alle case- og prosjektøvingar, samt sentrale førelesingar/gjesteførelesingar. Kva timer som er obligatoriske vil framgå av arbeidsplanen. Han gir ein samla oversikt over undervisninga og blir publisert ved studiestart.
Det er to arbeidskrav:
Godkjent deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet. Praktiske oppgåver skal være dokumenterte i mappe i form av produkt, sluttrapport og eventuelt logg. Nærare omtale av dette (fristar, form, omfang) vert gjevne i arbeidsplanen.
- Studentane skal levere evaluering av emnet
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00. | Omfang av innlevert hjemmeeksamen er ca 3000 ord (eksl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg). |