Semesters

INF121 PR og kommunikasjon 1: Teoriinnføring med praktiske øvingar

Course code: 
INF121
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Innføringsemnet PR og kommunikasjon 1 (INF121) er satt saman av ein teoridel og praktiske øvingar. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til korleis omgrepet og fenomenene strategisk kommunikasjon og opinionspåverking har vært forstått og har utvikla seg innanfor ei rad akademiske skuleretningar. Målet med emnet er å vise korleis dei forskjellige teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet rundt denne. I dei praktiske øvingane får studentane arbeide med ulike prosjekt- og case der vi setter teoriene inn i ein kontekst. Emnet INF121 er gitt i samanheng med emnet Markeder og kontekster (MOK101). 

Learning outcome

.I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • Kandidaten skal etter fullført emne ha tileigna seg grunnleggande kunnskap om dei teoretiske perspektiva som ligg til grunn for vår forståing av omgrepet og fenomenet strategisk kommunikasjon
  • Kandidaten skal vidare ha kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt (med seg sjølv) og eksternt med omverda
Learning outcome skills
  • Kandidaten skal kunne reflektere kritisk rundt den praktiske kontekstuelle relevansen og forklaringskrafta til dei ulike teoretiske perspektiva
  • Kandidaten skal vidare kunne gjere ein kvalifisert vurdering av kva innfallsvinklar som er best eigna innanfor ulike sektorer, bransjar eller marknadsførehald
Learning outcome qualification

.

Working and learning activities

Førelesningar, gruppearbeid og praktiske case- og prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i alle case- og prosjektøvingar. Kva timer som er obligatoriske vil framgå av arbeidsplanen. Han gir ein samlet oversikt over undervisninga og blir publisert ved studiestart.

Assessment requirements

Godkjent deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet. Praktiske oppgåver skal være dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg. Nærare omtale av dette (fristar, form, omfang) blir gitt i arbeidsplanen. Ei evaluering av emnet skal gjerast mot slutten av emnet

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Kristian Fuglseth
Used in other programs
  • PR, Communication and Media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
4 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00.
Omfang av innlevert hjemmeeksamen er ca 3000 ord (eksl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg).