Semesters

INF121 PR og kommunikasjon 1: Teoriinnføring med praktiske øvingar

Course code: 
INF121
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
PR og kommunikasjon 1: Teoriinnføring med praktiske øvingar
Teaching semester: 
2017 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
PR og kommunikasjon 1: Teoriinnføring med praktiske øvinger
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Innføringsemnet PR og kommunikasjon 1 (INF121) er sett saman av ein teoridel med praktiske øvingar gjennom heile semesteret, samt ein praksisbolk. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til korleis PR, strategisk kommunikasjon og opinionspåverking har utvikla seg innanfor ulike fagtradisjonar. Målet med emnet er å vise korleis dei ulike teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet elles. I dei praktiske øvingane får studentane arbeide med ulike prosjekt- og case der vi set teoriene inn i ein kontekst.

INF121 har ein omfattande praksisdel der studentane får opplæring i, og nytte oppdatert programvare for ulike kommunikasjonsoppgåver og -tiltak.

INF121 er gjeve i samanheng med emnet Marknad og samfunn (Tidlegare Markeder og kontekster MOK101) og innføringsemnet i journalistikk, Journalitikk 1 (JOU101).

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • Kandidaten skal etter fullført emne ha tileigna seg grunnleggande kunnskap om dei teoretiske perspektiva som ligg til grunn for vår forståing av omgrepa PR og strategisk kommunikasjon
  • Kandidaten skal vidare ha kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt (med seg sjølv) og eksternt med omverda
Learning outcome skills
  • Kandidaten skal kunne reflektere kritisk rundt den praktiske kontekstuelle relevansen og forklaringskrafta til dei ulike teoretiske perspektiva
  • Kandidaten skal vidare kunne gjere ei kvalifisert vurdering av kva innfallsvinklar som er best eigna innanfor ulike sektorer, bransjar eller marknadsførehald
  • Kandidaten skal ha oversikt over dei vanlegaste verktya i Adobe og kunne nytte desse
  • Kandidaten skal ha grunnleggande skriveferdigheiter knytt til aktuelle tekstsjangrar det er gjeve undervising i
Learning outcome qualification

Oversikt i grunnleggande kommunikasjonsteori, PR, strategisk kommunikasjon, samt kunne nytte desse i praktiske kommunikasjonstiltak

Working and learning activities

Førelesningar, gruppearbeid og praktiske case- og prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i praksisperiodem, i alle case- og prosjektøvingar, samt sentrale førelesingar/gjesteførelesingar. Kva timer som er obligatoriske vil framgå av arbeidsplanen. Han gir ein samla oversikt over undervisninga og blir publisert ved studiestart.

Assessment requirements

Det er to arbeidskrav:

  1. Godkjent deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet. Praktiske oppgåver skal være dokumenterte i mappe i form av produkt, sluttrapport og eventuelt logg. Nærare omtale av dette (fristar, form, omfang) vert gjevne i arbeidsplanen.

  2. Studentane skal levere evaluering av emnet
Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Erling Sivertsen
Used in other programs
  • PR, Communication and Media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
4 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00.
Omfang av innlevert hjemmeeksamen er ca 3000 ord (eksl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg).