Semestre
INF122 PR og kommunikasjon 2: Kommunikasjonsteori
Ingen
Emnet PR og kommunikasjon 2 bygger på innføringskurset i INF131, og omfattar både teoriundervisning og praktiske øvingar. Teoridelen skal først og fremst gi innsikt i kommunikasjonsfaget, strategisk kommunikasjon, planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av konkrete kommunikasjonstiltak.
Dei viktigaste teoriemna vert utdjupa gjennom ein lengre periode med prosjektarbeid og undervisning i praktisk kommunikasjonsarbeid.
Ein stor del av dei praktiske øvingane i emnet tek utgangspunkt i ulike typar digitale medium og sosiale medium. Det blir også gitt tilbod om ein fagleg ekskursjon med besøk til aktuelle PR- og kommunikasjonsmiljø.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- kunnskap om modellar om prosjektarbeid
- grunnleggande kunnskap om nettet som kanal for kommunikasjonsarbeid, inkludert kjennskap til normer, ideal og digitale kommunikasjonsformer
- kunnskap om korleis sosiale medium og nye digitale kanalar kan nyttast i kommunikasjonsarbeid
- grunnleggande oversikt over omgrep innan kommunikasjonsfaget, strategisk kommunikasjon, målgruppeanalyse, planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av konkrete kommunikasjonstiltak
Studenten skal kunne
- leie, planlegge, gjennomføre og presentere eit mindre kommunikasjonsprosjekt forankra i relevant teori
- publisere på nett i ulike sjangrar
- evaluere nettsider og planlegge aktuell bruk av nettbaserte kommunikasjonskanalar i kommunikasjonsarbeidarbeid
Studenten skal kunne
- organisere, delta i og leie ei prosjektgruppe
- nytte ulike verkty for å utvikle idéar, analysere/nytte design og for å visualisere kreative konsept
Førelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, skriftlige og praktiske oppgåver. Det er obligatorisk deltaking under gjesteførelesingar og i praktiske øvingar, og studentane må rekne med obligatorisk oppmøte på andre deler av emnet.
- Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
- Praktiske oppgåver frå Adobe-opplæring, foto/videokurs, skrivekurs og ev. oppdrag frå interne eller eksterne oppdrag skal vere dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00. | Omfang 3000 ord (ekskl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg). |