Semestre
INF122 PR og kommunikasjon 2: Kommunikasjonsteori med nettpraksis
Ingen
Emnet PR og kommunikasjon 2 (INF122) byggjer på innføringskursa INF121 og MOK101, og omfattar både teoriundervisning og praktiske øvingar. Teoridelen skal først og fremst gi innsikt i kommunikasjonsfaget, strategisk kommunikasjon, planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av konkrete kommunikasjonstiltak. Dei viktigaste teoriemna vert utdjupa gjennom prosjektarbeid og undervisning om digitale media som kanal i kommunikasjonsarbeid. Ein stor del av dei praktiske øvingane tek utgangspunkt i ulike typar nettmedium og sosiale medium. Det blir også gitt tilbod om ein fagleg ekskursjon til Oslo, med besøk til aktuelle PR- og kommunikasjonsmiljø. Emnet er gitt i samanheng med emnet MDA101 mediedesign og konseptutvikling.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Har kunnskap om korleis kommunikasjonsfaget har utvikla seg
- Har kunnskap om dei viktigaste modellane og teoriane om prosjektarbeid
- Har grunnleggande kunnskap om nettet som kanal for kommunikasjonsarbeid, inkludert kjennskap til korleis normer, ideal og kommunikasjonsformer på nettet har utvikla seg dei siste åra
- Har kunnskap om korleis sosiale medium og nye digitale kanalar kan nyttast i kommunikasjonsarbeid
- Kan leie, planlegge, gjennomføre og presentere eit mindre kommunikasjonsprosjekt forankra i relevant teori
- Kan publisere på nett i ulike sjangrar
- Kan evaluere nettsider og planlegge aktuell bruk av nettbaserte kommunikasjonskanalar i kommunikasjonsarbeidarbeid
- Kan planlegge og gjennomføre ein prosjektpresentasjon for ei forsamling
- Kan organisere, delta i og leie ei prosjektgruppe
Forelesinger, gruppearbeid, prosjektarbeid, skriftlige og praktiske oppgaver. Det er obligatorisk deltaking i praktiske øvinger, og studentane må rekne med obligatorisk oppmøte på andre deler av emnet. Kva deler som er obligatoriske, går fram av arbeidsplanen. Denne gir en samlet oversikt over undervisningen og blir publisert ved semesterstart.
- Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
- Praktiske oppgåver skal vere dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg. Nærare omtale av desse dokumenta (fristar, form, omfang) blir gitt i arbeidsplanen
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Endeleg vurdering i emnet blir gitt på grunnlag av ein heimeeksamen på 72 timar (tre døgn). Omfang 3000 ord. Tittelblad, innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg til denne ramma.
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Med utlegg av oppgåve kl. 09:00 og innlevering kl. 09:00. | Omfang 3000 ord (ekskl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg). |