Semestre
INF122 PR og kommunikasjon 2: Kommunikasjonsteori med nettpraksis
Ingen
Emnet PR og kommunikasjon 2 bygger på innføringskurset i INF131, og omfattar både teoriundervisning og praktiske øvingar. Teoridelen skal først og fremst gi innsikt i kommunikasjonsfaget, strategisk kommunikasjon, planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av konkrete kommunikasjonstiltak.
Dei viktigaste teoriemna vert utdjupa gjennom ei lengre periode med prosjektarbeid og undervisning om digitale media som kanal i kommunikasjonsarbeid.
Ein stor del av dei praktiske øvingane i emnet tek utgangspunkt i ulike typar digitale medium og sosiale medium. Det blir også gitt tilbod om ein fagleg ekskursjon med besøk til aktuelle PR- og kommunikasjonsmiljø.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Har kunnskap om modellar om prosjektarbeid
- Har grunnleggande kunnskap om nettet som kanal for kommunikasjonsarbeid, inkludert kjennskap til korleis normer, ideal og digitale kommunikasjonsformer
- Har kunnskap om korleis sosiale medium og nye digitale kanalar kan nyttast i kommunikasjonsarbeid
- Studenten har grunnleggande oversikt over omgrep innan kommunikasjonsfaget, strategisk kommunikasjon, målgruppeanalyse, planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av konkrete kommunikasjonstiltak.
- Kan leie, planlegge, gjennomføre og presentere eit mindre kommunikasjonsprosjekt forankra i relevant teori
- Kan publisere på nett i ulike sjangrar
- Kan evaluere nettsider og planlegge aktuell bruk av nettbaserte kommunikasjonskanalar i kommunikasjonsarbeidarbeid
- Kan organisere, delta i og leie ei prosjektgruppe
- Studenten kan nytte ulike verkty for å utvikle idéar, analysere/nytte design og for å visualisere kreative konsept
Førelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, skriftlige og praktiske oppgaver. Det er obligatorisk deltaking i praktiske øvinger, og studentane må rekne med obligatorisk oppmøte på andre deler av emnet. Kva deler som er obligatoriske, går fram av arbeidsplanen. Denne gir en samla oversikt over undervisinga og vert publisert ved semesterstart.
- Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
- Praktiske oppgåver skal vere dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg. Nærare omtale av desse dokumenta (fristar, form, omfang) blir gitt i arbeidsplanen
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00. | Omfang 3000 ord (ekskl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg). | |
Mappeeksamen | Gruppe | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 50 | Studenten leverer arbeidskrav frå prosjekt- og praksisperiode i eiga vurderingsmappe |