Semestre

IPA111 Samfunnskunnskap

Emnekode: 
IPA111
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling i ein lokal og regional kontekst. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema retta mot:

  • sosiologi
  • miljø og samfunn
  • samfunnsøkonomi
  • regionaløkonomi
  • næringsøkonomi 
  • globale utfordringar 
  • lokalsamfunn og nærmiljø
  • samfunnsvitskapleg metode

Emnet er obligatorisk og går parallelt med Forvaltningskunnskap gjennom haust- og vårsemesteret.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og samfunnsvitskapleg metode vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om, og forståing av, sentrale tema og problemstillingar knytt til fagområda samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi.

Ferdigheiter

Studenten skan analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling, reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte.

Generell kompetanse

Studenten kan formidle og gjere bruk av samfunnsvitskapleg kunnskap og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold, kan vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen

1. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.

2. Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80% frammøte til den undervisninga som står på planen, kvart semester. Undervisninga i haust- og vårsemesteret blir rekna kvar for seg. Gjennomføring av dei to pensumprøvene er lagt til slutten av kvart semester.

3. Gjennomføre eit større, tverrfagleg prosjektarbeid i form av ei lokalsamfunnsanalyse.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. Sjå studieplanen for Bachelor i planlegging og administrasjon.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Odd Hogne Staurset
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
  • Samfunnsvitskap - årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. Eksamen i haustsemesteret
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. Eksamen i vårsemesteret
Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av to individuelle eksamenar. Kvar eksamen tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 06.04.16.