Semestre

IPA111 Samfunnskunnskap

Emnekode: 
IPA111
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling i ein lokal og regional kontekst. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema innanfor:

  • sosiologi
  • miljø og samfunn
  • samfunnsøkonomi
  • regionaløkonomi
  • næringsøkonomi 
  • globale utfordringar 
  • lokalsamfunn og nærmiljø
  • samfunnsvitskapleg metode

Emnet er obligatorisk og går parallelt med Forvaltningskunnskap (IPA112) gjennom haust- og vårsemesteret.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er ein deleksamen i emnet. Med utgangspunkt i aktuell teori og samfunnsvitskapleg metode vil studentane få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid, som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av, sentrale tema og problemstillingar i fagområda samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og bruke desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • formidle og bruke samfunnsvitskapleg kunnskap og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisning, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen

1. All ordinær undervising i emnet er obligatorisk. Obligatorisk inneber minimum 80 % frammøte/deltaking til undervising. Sjå "Forskrift om studium og eksamen ved HiVolda" § 4-6 og "Retningsliner for frammøte og fråvær i utdanningar med obligatorisk frammøte". 

2. Obligatorisk deltaking/frammøte i eit større tverrfagleg prosjektarbeid i form av ein lokalsamfunnsanalyse i vårsemesteret. Gruppearbeidet munnar ut i ein prosjektrapport og presentasjon av arbeidet. Begge delar må vere godkjende. Ved særskilde høve kan det gjerast avtale om alternativt opplegg.

3. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
75
Emneansvarleg: 
Grethe Mattland Olsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
  • Samfunnsvitskap - årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Digital eksamen. Eksamen i haustsemesteret
Alle
Heimeeksamen
Individuell
7 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Eksamen i vårsemesteret
Alle.
Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av tre individuelle eksamenar. Dei to skriftelege eksamenane tel 40 prosent kvar, medan den munnlege eksamenen tel 20 prosent av samla karakter i emnet.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
20
Munnleg eksamen knytt til Lokalsamfunnsanalysen. Eksamen i vårsemesteret
Godkjent av: 
Randi Bergem 21.02.2020