Semestre

IPA111 Samfunnskunnskap

Emnekode: 
IPA111
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling i ein lokal og regional kontekst. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema retta mot:

  • sosiologi
  • miljø og samfunn
  • samfunnsøkonomi
  • regionaløkonomi
  • næringsøkonomi 
  • globale utfordringar 
  • lokalsamfunn og nærmiljø
  • samfunnsvitskapleg metode

Emnet er obligatorisk og går parallelt med Forvaltningskunnskap gjennom haust- og vårsemesteret.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og samfunnsvitskapleg metode vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av, sentrale tema og problemstillingar knytt til fagområda samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • formidle og gjere bruk av samfunnsvitskapleg kunnskap og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen

1. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.

2. Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80% frammøte til den undervisninga som står på planen, kvart semester. Undervisninga i haust- og vårsemesteret blir rekna kvar for seg. Gjennomføring av dei to pensumprøvene er lagt til slutten av kvart semester.

3. Gjennomføre eit større, tverrfagleg prosjektarbeid i form av ei lokalsamfunnsanalyse (gruppearbeid).

4. Kvar student skal utarbeide eit individuelt refleksjonsnotat (ca 800 ord) innan ei veke etter lokalsamfunnsanalysen.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Grethe Mattland Olsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
  • Samfunnsvitskap - årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. Eksamen i haustsemesteret
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. Eksamen i vårsemesteret
Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av to individuelle eksamenar. Kvar eksamen tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.02.18