Semestre
IPA112 Forvaltningskunnskap
Ingen
Emnet Forvaltningskunnskap (IPA112) gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, statsvitskap, organisasjonsteori og juss. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsstyring i ein lokal og regional kontekst med vekt på viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema retta mot:
- politikk
- makt og demokrati
- offentleg forvaltning og velferdsproduksjon
- kommunen som samfunn og organisasjon
- organisasjonsteori
- innføring i rettssystemet og juridisk metode
- samfunnsplanlegging og regional utvikling
Emnet er, saman med Samfunnskunnskap (IPA111), obligatorisk på første året i Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og samfunnsvitskapleg metode vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av
- organisering av og funksjonar knytt til sentrale politiske og administrative institusjonar
- viktige politiske og forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar knytt til regional planlegging og samfunnsstyring
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking.
Studenten skal kunne
- gjere greie for sentrale element ved norsk politikk og forvaltning
- nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep
- gjere bruk av desse ferdigheitene på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- formidle samfunnsvitskapleg kunnskap om norsk politikk og forvaltning
- vere i stand til å drøfte sentrale aspekt ved dette i ein fagleg samanheng
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen
1. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.
2. Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80% frammøte til den undervisninga som står på planen, kvart semester. Undervisninga i haust- og vårsemesteret blir rekna kvar for seg. Gjennomføring av dei to pensumprøvene er lagt til slutten av kvart semester.
3. Gjennomføre eit større, tverrfagleg prosjektarbeid i form av ei lokalsamfunnsanalyse (gruppearbeid).
4. Kvar student skal utarbeide eit individuelt refleksjonsnotat (ca 800 ord) innan ei veke etter lokalsamfunnsanalysen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
- Samfunnsvitskap - årsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Digital eksamen. Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Digital eksamen. Tverrfagleg skriftleg eksamen i vårsemesteret | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 20 | Digital eksamen. Skriftleg eksamen i vårsemesteret |