Semestre
IPA112 Forvaltningskunnskap
Ingen
Emnet Forvaltningskunnskap (IPA112) gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, statsvitskap, organisasjonsteori og juss. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsstyring i ein lokal og regional kontekst med vekt på viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema:
- politikk
- makt og demokrati
- offentleg forvaltning og velferdsproduksjon
- kommunen som samfunn og organisasjon
- organisasjonsteori
- innføring i juridisk metode, offentleg rett og forvaltningsrett.
- samfunnsplanlegging og regional utvikling
Emnet er, saman med Samfunnskunnskap (IPA111), obligatorisk på første året i Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som ein deleksamen i emnet IPA 111 samfunnskunnskap. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og kurs i samfunnsvitskapleg metode, vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av
- organisering av og funksjonar i sentrale politiske og administrative institusjonar
- rettsreglane for offentleg forvaltning
- viktige politiske og forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar knytt til regional planlegging og samfunnsstyring
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking.
Studenten skal kunne
- gjere greie for sentrale element ved norsk politikk, offentleg rett og forvaltning
- nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar som gjeld berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep
- bruke ferdigheitene på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- formidle samfunnsvitskapleg kunnskap om norsk politikk og forvaltning
- utføre juridiske analysar og ta standpunkt til rettsspørsmåla basert på analysen
- vere i stand til å drøfte sentrale aspekt ved dette i ein fagleg samanheng
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen kan dette bli gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og eventuelle ekskursjonar. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen
1. All ordinær undervising i emnet er obligatorisk. Obligatorisk inneber minimum 80 prosent frammøte/deltaking til undervising. Sjå "Forskrift om studium og eksamen ved HiVolda" § 4-6 og "Retningsliner for frammøte og fråvær i utdanningar med obligatorisk frammøte".
2. Obligatorisk deltaking på Tverrfagleg veke i haustsemesteret. Gruppearbeid munnar ut i ein prosjektrapport og presentasjon av arbeidet. Begge deler må vere godkjende. I særskilde høve kan det avtalast alternativt opplegg.
3. Obligatorisk deltaking på Plan-i-praksis-dagen i haustsemesteret. I særskilde høve kan det avtalast alternativt opplegg.
4. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
- Samfunnsvitskap - årsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret | ||
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Tverrfagleg heimeeksamen i vårsemesteret | ||
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 20 | Heimeeksamen i vårsemesteret innan juss |