Semestre
IPA112 Forvaltningskunnskap
Ingen
Emnet Forvaltningskunnskap (IPA112) gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, statsvitskap, organisasjonsteori og juss. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsstyring i ein lokal og regional kontekst med vekt på viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema:
- politikk
- makt og demokrati
- offentleg forvaltning og velferdsproduksjon
- kommunen som samfunn og organisasjon
- organisasjonsteori
- innføring i juridisk metode, offentleg rett og forvaltningsrett.
- samfunnsplanlegging og regional utvikling
Emnet er, saman med Samfunnskunnskap (IPA111), obligatorisk på første året i Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som ein deleksamen i emnet IPA 111 samfunnskunnskap. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og kurs i samfunnsvitskapleg metode, vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av
- organisering og funksjonar knytt til sentrale politiske og administrative institusjonar
- rettsreglane for offentleg forvaltning
- viktige politiske og forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar knytt til regional planlegging og samfunnsstyring
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking.
Studenten skal kunne
- gjere greie for sentrale element ved norsk politikk, offentleg rett og forvaltning
- nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar som gjeld berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep
- gjere bruk av desse ferdigheitene på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- formidle samfunnsvitskapleg kunnskap om norsk politikk og forvaltning
- utføre juridiske analysar og ta standpunkt til rettsspørsmåla basert på analysen
- vere i stand til å drøfte sentrale aspekt ved dette i ein fagleg samanheng
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen
1. All ordinær undervising i emnet er obligatorisk. Obligatorisk inneber minimum 80 % frammøte/deltaking til undervising. Sjå "Forskrift om studium og eksamen ved HiVolda" § 4-6 og "Retningsliner for frammøte og fråvær i utdanningar med obligatorisk frammøte".
2. Obligatorisk deltaking på Tverrfagleg veke i haustsemesteret. Gruppearbeid munnar ut i ein prosjektrapport og presentasjon av arbeidet. Begge delar må vere godkjent. I særskilde høve kan det avtalast alternativt opplegg.
3. Obligatorisk deltaking på Plan-i-praksis-dagen i haustsemesteret. I særskilde høve kan det avtalast alternativt opplegg.
4. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
- Samfunnsvitskap - årsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Digital eksamen. Tverrfagleg heimeeksamen i haustsemesteret | Alle | |
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Tverrfagleg heimeeksamen i vårsemesteret | Alle | |
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 20 | Heimeeksamen i vårsemesteret innan juss |