Semesters
- 2026 Spring
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2016 Autumn
IPA171 Grunnleggande innføring i leiing
Ingen.
Emnet er todelt. Første del gir ei grunnleggande innføring i sentrale spørsmål som gjeld leiing av medarbeidarar med fokus på kommunikasjon, motivering, samhandling, leiarroller og konflikthandtering. I andre del er søkelyset retta mot medarbeidarskap, sjølvleiing, førebygging av konfliktar og utvikling av velfungerande arbeidsgrupper.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av grunnleggande tema og problemstillingar knytt til leiing og til leiarar sin situasjon i verksemder.
Studenten skal
- ha ferdigheiter til å reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar knytt til leiing av medarbeidarar
- kritisk kunne vurdere rolla som leiar.
Studenten skal kunne vurdere praktiske problemstillingar, som ein møter som leiar, ut frå ulike synsvinklar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike handlingsalternativ.
Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. Når tilbodet vert gitt til studentar på Bachelor i planlegging og administrasjon er undervisinga samla i eitt semester.
Arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen
- To individuelle heimeoppgåver med tildelt tema. Kvar av oppgåvene har eit omfang på 3000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
- Ei individuell heimeoppgåve med valfritt tema, eller ha minimum 80 % frammøte til den undervisninga som står på planen. Problemstilling for oppgåva skal godkjennast av faglærar. Oppgåva skal ha eit omfang på 3000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planning and administration - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |