Semesters
IPA274 Arealplanlegging og GIS 2
IPA173 eller tilsvarande + 15 stp valfritt emne på grunnivå
Emnet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS og bygger på innføringsemnet IPA173.
Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse og avgjerdstøtte i planlegging. Emnet skal gje ei forståing for samfunssikkerheit i planlegging. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert særleg diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
kunnskap om konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) sin funksjon i planlegging
kunnskap om kritisk bruk av GIS som avgjerdsstøtte
kunnskap om GIS som kommunikasjonsverktøy i planleggingsprosessen
Studenten skal
Kunne utarbeide enkel risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) og enkel konsekvensutgreiing (KU)
Kunne sjølvstendig hente inn geografiske data og gjennomføre utvalde GIS-analyser
Kunne kritisk reflektere over GIS som avgjerdsstøtte i planprosessar
ha øving i samarbeid om praktiske arealplanoppgåver
Studenten skal kunne gjennomføre grunnleggande oppgåver innanfor arealplanlegging etter plan- og bygningsloven
Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar, utarbeiding av arbeidskrav og semesteroppgåve.
Arbeidskrav:
To arbeidskrav må vere godkjent for å få gå opp til eksamen. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid, og ein tekst på omlag 1200 ord +/- 10%. Arbeidskrava skal fortrinnsvis løysast i gruppe.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Semesteroppgåve. Oppgåva skal bestå av kart og ei tekstutgreiing på om lag 2000-2500 ord. |