Semestre
IPA309 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing (45 stp)
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Det inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon.
Skriving av masteroppgåve er avsluttande emne i master i samfunnsplanlegging og leiing. Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid der studenten skal demonstrere dei kunnskapane og ferdigheitene som er lagt til grunn i masterprogrammet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva
- inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
- omfattande kunnskap om feltet studenten vel å forske på
- forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
- god kunnskap om krav til akademisk skriving
Studenten skal:
- ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit samfunnsfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
- kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og drøfte eiga og andre si forsking
- ha ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
- kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur, og kunne setja eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ein kritisk reflektert måte
- i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar både skriftleg og munnleg
Studenten skal utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Studentane skal velje eit samfunsfagleg relevant forskingstema og på bakgrunn av undervisning og rettleiing gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
Arbeidet med masteroppgåva startar medan ein tek emnet Forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane må ta del i seminar der dei legg fram sitt eige masterprosjekt og gir tilbakemelding på medstudentar sine prosjekt.
For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha bestått til eksamen i emnet Forskingsmetode og vitskapsteori.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | 2 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter. | 35.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord. |