Semestre

IPA309 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing (45 stp)

Emnekode: 
IPA309
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
45
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg organisering og leiing, som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat. Talet på studieplassar er avgrensa til 20. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av oppnådde karakterar på dei obligatoriske emna, deretter på grunnlag av karakterar på dei valfrie emna. Studentar med karakterar A eller B får først tilbod (gruppe 1). Deretter får studentar med C’ar tilbod inntil studieplassane er fylt opp (gruppe 2).

Om emnet

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Det er viktig å kunne etablere gode strategiar til fordel for eigen organisasjon. Med ein mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing får du ei solid og spesialisert utdanning som gjer deg til ein ettertrakta leiar. Masterstudiet gir deg viktig yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Det inneber kompetanse til å utvikle og å leie plan- og utviklingsarbeid. Det vert lagt vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Då må studentane på ein grunngitt måte velje eit forskingstema og presisere dette temaet til ei forskbar problemstilling. Denne problemstillinga må drøftast med utgangspunkt i relevant litteratur og setjast inn i ei teoretisk fruktbar ramme. Studentane skal velje eit forskingsopplegg som gir relevante data, innsamla og analysert med vitskaplege metodar. Kravet til ei masteroppgåve på 45 stp er her noko større enn til ei oppgåve på 30 stp. Forskingsetiske omsyn skal også tilleggjast vekt. Masteroppgåva skal vere språkleg ryddig og formelt korrekt når det gjeld referansar og kjeldebruk.

Ferdigheiter

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Det innebærer val av ei forskbar problemstilling, drøfting av problemstillinga i forhold til relevant litteratur, val av teoretisk ramme, datainnsamling og -analyse, og korrekt kildebruk. Forskingsetiske omsyn skal og tilleggast vekt.

Generell kompetanse

Målet er at studenten skal få kompentanse til å gjennomføre forskningsprosjekt på eigen hand. 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet med Masteroppgåva går parallelt med emnet IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori, og begge emna strekkjer seg over to semester. Studentane må levere eit oppgåvenotat med søknad om godkjenning av oppgåvetema. Deretter får kvar tildelt ein rettleiar som kan bruke inntil 50 timar på oppgåvelesing og individuell rettleiing. Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same undervisningssamlingane:

  • Samling 1: veke 36
  • Samling 2: veke 43
  • Samling 3: veke 49
  • Samling 4: veke 4 (2018)
  • Samling 5: veke 8 (2018)

Til den tredje samlinga skal det leverast ein prosjektplan for masteroppgåva. Vidare rettleiing etter tredje samling føreset at prosjektplanen er levert.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering må studenten ha stått til eksamen i emnet IPA 307 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.

Evaluering og kvalitetssikring

Sjå dette punktet under emneplanen for IPA307. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
10
Emneansvarleg: 
Nathalie Homlong
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
2 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Masteroppgåva. Masteroppgåva skal vere på 115 sider (+/- 10%), skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag og eventuelle vedlegg tel ikkje med i sidetalet.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 24.02.17