Semestre
IPA309 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing (45 stp)
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Det inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon.
Skriving av masteroppgåve er avsluttande emne i master i samfunnsplanlegging og leiing. Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid der studenten skal demonstrere dei kunnskapane og ferdigheitene som er lagt til grunn i masterprogrammet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva
- inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
- omfattande kunnskap om feltet studenten vel å forske på
- forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
- god kunnskap om krav til akademisk skriving
Studenten skal:
- ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit samfunnsfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
- kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og drøfte eiga og andre si forsking
- ha ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
- kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur, og kunne setja eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ein kritisk reflektert måte
- i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar både skriftleg og munnleg
Studenten skal utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Studentane skal velje eit samfunsfagleg relevant forskingstema og på bakgrunn av undervisning og rettleiing gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, samt presentere status for oppgåva for medstudentar og faglærarar på oppgåveseminar. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane, der faglærarar og medstudentar deltek.
For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha stått til eksamen i emnet IPA 307 Forskingsmetode og vitskapsteori.
Studenten må ha presentert og gjeve kommentarar til medstudentar på minst to av samlingane.
Levert prosjektskisse som er godkjent av rettleiar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | 2 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter. | 35.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord. |